Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Det er knytt spenning til starten på laksefisket

Jon Olav Ørsal Fredag 12. juni 2020

Natt til måndag klokka 00:00 startar laksefisket i Toåa. Dette er det knytt stor spenning til, for no er det veldig god vassføring i elva, og det skal ligge godt tilrette for laksefisket.  Todalshytta ventar i helga dei første gjestane som kjem for å prøve laksen, og Todalen elveeigarlag er godt budd til ny sesong som varer fra og med 15. juni til og med 15 august.  Søndag kveld inviterer Todalshytta til fluekastarkonkurranse medan vi venter på at klokka skal nå midnatt.

Det er ein høgtideleg konkurranse som alle kan ta del i, og det blir sett opp ein premie som det går an å kjempe om.  På Todalshytta vil dei også fyre opp grillen, og servere sommarkotelettar og heimlaga potetsalat frå kl 19 og utover.  Traktering og arrangement er lagt opp innafor ramma for å være trygg for smittespreiing av koronaviruset.  I det fine vêret som er meldt vil vi tilbringe ventetida utendørs – både runt langbordet frampå bakkekanten og under svalgangen rundt hytta.

Rododendronblomstring på Todalshytta. Foto: Jon Olav Ørsal

På Todalshytta har det vore ei travel tid etter opninga i pinsehelga. Far og son Evensen – Arve og Stian –  har hatt bra med gjestar heile perioden, og er godt nøgd med starten.  – vi har tross alt vore gjennom ein innkjøringsperiode og har jobba både med å finne god rutiner og med å utvikle menykartet. Ein rett som vi har prøvd oss på dei siste dagane er ovnsbakt torsk med bakte nypoteter. Den lages med fenikkel, gulrot, asparges og serveres med ein caperssaus.  Denne retten blir sjølvsagt å finne på ala carte-menyen vår, sier Stian, som er sjef på kjøkkenet. 

Todalshytta vart bygd i 1901 av Ethelberth Lorth Phillips – her oser det av gammel laksehistorie i veggane. Foto: Jon Olav Ørsal

Sist prata vi om å bruke lokale råvarer i matlaginga – på menykartet har vi fått Skagentoast – der iallfall ein av ingrediensane er ferskost frå Todalen Meieri. Elles har vi sjølvsagt egg frå Pestua og vi vil nok utvikle fleire rettar som kjem til å innehalde lokale råvarer, sier Stian.  

Da Todalen.no var innom torsdag kveld pågikk førebuinga av fiskekortsalet i Toåa. Du kan kjøpe fiskekort på Todalshytta eller på Elveguiden.no. Det er også lagt til rette for desinfeksjon av fiskeutstyr både på Todalshytta og hos Matkroken L. Hals. – Det er veldig viktig at vi klarer å halde virussjukdomen Gyrodactilus Salaris unna Toåa. 

Fin vassføring i Toåa no – i skrivande stund er vassføringa rund 30 m3/sek Foto: Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 12. juni 2020, 13:30