Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Oppgraderte i Bøkeskogen i Stangvika

Jon Olav Ørsal Laurdag 13. juni 2020

Denne veka har Gunnar Nordvik vore på jobb ved Bøkeskogen i Stangvik.  Her er nytt bord på plass og det er laga ein sikrare bålplass for folk som vil grille – eller kanskje koke på svartkjelen. For ein del år sidan bygde Gunnar ein kopi av ei høyløe her, og no vart altså området oppgradert vidare.

Bøkeskogen er eit mykje bruka turmål som er under grendalagets vingar og denne gongen har Gjensidige delteke i finansieringa av prosjektet. 

Gunnar Nordvik laga ein kopi av ei høyløe i 2006 – no vart området oppgradert. Foto: Gunnar Nordvik

No var området oppgradert med ny og sikrare bålplass attmed høyløå i Bøkeskogen. Foto: Gunnar Nordvik

Nytt bord på plass i Bøkeskogen – handtverkar er Gunnar Nordvik.

Publisert: 13. juni 2020, 09:14