Den stille veka – ordførar Margrethe Svinvik helsar
Vi er no inne i det som blir kalla den stille veka. I år er det ikkje berre ettertanken som utgjer stillheita. Den stille veka har fått ei dobbel betydning ved at heile samfunnet er stille, dei normale aktivitetane inn mot påskehelga er avlyste i kampen mot koronaviruset. Dette er krevjande for kvar og ein av oss. Vi må finne oss i å leve med usikkerheit, vi veit ikkje korleis dette går. Vi veit ikkje når dette endar.