Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for april, 2020

Vi fann 68 artiklar i dette arkivet.


Ingun laga ny logo for kulturskolen

Jon Olav Ørsal Fredag 24. april 2020

SRKS eller Surnadal og Rindal kulturskole, ble etablert som et vertskommunesamarbeid mellom Surnadal og Rindal fra 01. januar 2020 – Da var tida inne til å skifte ut den gamle logoen som bestod av kommunevåpna til de samarbeidende kommunene i Kulturskolen på Indre Nordmøre, skriver rektor Torbjørn Larsen i en pressemelding


Fjord1: normal ruteproduksjon frå måndag

Jon Olav Ørsal Fredag 24. april 2020

Det går seg til med normalisering rundt omkring i samfunnet. I ein e-post melder Fjord1 at det for rute 46, Kvanne – Rykkjem, blir iverksatt normal ruteproduksjon frå måndag 27. april. – Vi har også fanga opp at det no er lov å gå ut av bilane under overfarta.


«Et merkelig år, men Stikk UT!-består»

Dordi Jorunn Halle Torsdag 23. april 2020

Fredag 1.mai startar årets Stikk UT!- sesong. Her i Todalen er det framleis tre Stikk UT!-turmål; nemleg Tjønnmyran, Svinvikrunden og Bjøråskaret. Svinvikrunden er eit populært turmål og eit av dei turmåla som har vore lengst med i Stikk UT!-programmet. Målet med Stikk Ut! er å inspirere til fine turar og friuftsliv, mosjon og frisk luft. I år blir det ikkje bøker i turkassane, all registrering skjer på nett på grunn av smittesituasjonen. Friluftsrådet ønsker å fokusere på nærturar og oppfordrar til å ta turar i nærmiljøet!


Restriksjonar vedrørande bruk av hageredskap og vatn

Elinor Bolme Torsdag 23. april 2020

Todalen sokneråd melder i ein e-post om restriksjonar vedrørande bruk av hageredskap og vatn i samband med planting ved gravene på kyrkjegarden.
No når denne koronapandemien står på så blir det ikkje sett vatn på slangen på baksida av kyrkja.


Nytt: Våronn med slangespredning av husdyrgjødsel

Jon Olav Ørsal Torsdag 23. april 2020

Slangesprening av husdyrgjødsel er kanskje ikkje heilt nytt, men det er iallfall ikkje vanleg enno. I dag var det rigging for utkjøring av husdyrgjødsel i Utigarden hos Olaug kvendset og Asgeir Longva, med slangar rundt heile eigedomen.  Dei skal ut med 7-800 m3, og da kan du tenke deg kor mange lass det blir dersom ein kan kjøre 8-10 m3 pr lass.  Med distribusjon gjennom slangar så vil ein oppnå ein kapasitet på rundt 200 m3 pr time. 


1. til 4. skuletrinn starter på over helga.

Jon Olav Ørsal Torsdag 23. april 2020

Over helga er det klart for forsiktig skulestart og SFO for 1. – 4. årstrinn.  På en pressekonferanse på nettet vart den lokale pressa orientert om opplegget for skulestarten, og kommunalsjef Astrid Mogstad Høivik orienterte om opplegget.  – Dette skal bli så bra som mulig, og vi samarbeidet godt med foreldre og elevar om opplegget og alle skulane i kommunen opnar igjen over helga. 


Storvarp på Nordvikfjorden?

Jon Olav Ørsal Onsdag 22. april 2020

Det var snurparen Vestbris som gjorde eit tappert forsøk på få tak i ein stim med makrell på Nordvikfjorden i dag.   Den gjorde fleire forsøk, men nota var tom og resultatet negativt.  Vi får berre seie betre lukke neste gong.


Nyttar finvêret til trailersal av hagemøbler

Jon Olav Ørsal Onsdag 22. april 2020

Finvêrsmeldingar over fleire dagar har inspirert Hageland og Byggmakker til trailersalg av hagemøbler og utstyr utafor butikken på Syltøran.  Her kan du gjera godkjøp på litt av kvart, dersom du tek turen!


God å vere i gang igjen!

Elinor Bolme Tysdag 21. april 2020

Fem av sju barnehageungar kunne i dag nyte våren og kvarandre sitt selskap i lag med dei tilsette ved Todalen barnehage. -Det er verkeleg godt å komme i gang igjen, konstaterer styrar Jorunn Nordvik og kollega Anita Brøske Nordvik. Det har vore ei rar tid, men no er vi klare for ein tilnærma normal kvardag igjen kunne dei fortelje.


Full sesong – rekordveke på Talgø MøreTre

Jon Olav Ørsal Måndag 20. april 2020

Denne veka ligg det an til rekord på Talgø MøreTres anlegg på Syltøran.  Royalanlegget har gått for fullt i vinter for å kunne ha nok varer utover våren, som er den travlaste tida for royalprodukta frå Talgø MøreTre.  Måndag var det toppdag på ekspedisjonen, og driftsplana stod lasting av 35 semitraller og vogntog i løpet av dagen – det stod nærast vogntog i kø for å få last på lasteplassen på Syltøran i dag. 


20.04.2020: Statusrapport frå kriseleiinga

Elinor Bolme Måndag 20. april 2020

Det er ikkje påvist nye smittetilfelle I Surnadal. I morgon startar barnehagane opp og i neste veke er det elevar frå 1-4. trinn sin tur. Denne veka blir det lagt ned mykje planleggingsarbeid for å møte krava til smittevern i den kommande nasjonale veiledaren for skulane. Mange av smittevern-tiltaka vil naturleg nok vere som for […]


Rydd på gravstaden – ta med deg avfallet!

Jon Olav Ørsal Måndag 20. april 2020

No er det tid for rydding på kyrkjegarden – snøen er forhåpentleg borte for i år, og da er det tid for å ta eit tak både i hagen og på kyrkjegarden. Det er mykje som kjem fram når snøen forsvinn, syng Gluntan, og det kan vaktmeistrane i kyrkja bekrefte.