Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Storvarp på Nordvikfjorden?

Jon Olav Ørsal Onsdag 22. april 2020

Det var snurparen Vestbris som gjorde eit tappert forsøk på få tak i ein stim med makrell på Nordvikfjorden i dag.   Den gjorde fleire forsøk, men nota var tom og resultatet negativt.  Vi får berre seie betre lukke neste gong.

Trålaren «Vestbris» med Droppingstranda i bakgrunnen. Foto: Ivar Vikan

Det var forresten snurparen Vestbris som var første båten som kom til da fregatten «Helge Ingstad» kolliderte med ein tankbåt for eit par år sia, men det er ei heilt anna historie. Det er Ivar Vikan som bur i Øygardsfeltet på Nordvik, som har sendt oss bilder frå aktivitetane på fjorden. 

Trålaren «Vestbris» med rakanesset i bakgrunnen.  Foto: Ivar Vikan

Publisert: 22. april 2020, 19:31