Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nytt smittetilfelle påvist i Surnadal

Jon Olav Ørsal Måndag 6. april 2020

06 04 2020 Statusrapport frå kriseleiinga.  Det er påvist eit nytt smittetilfelle i Surnadal kommune. Personen er isolert. Smittesporingsteamet har god oversikt og berørte personar er sett i karantene. Dei som har mistanke om at dei kan vere smitta kan be om testing ved å kontakte den lokale korona-telefonen på 913 79 001 mellom kl. 09.00-15.00. Frå onsdag kl. 11:30 skal henvendelsar om testing gå via legevakttelefon 116117.

Kommuneoverlegen rosar surnadalingane for god dugnadsånd og tykkjer folk er flinke til å støtte opp om dei nasjonale smitteverntiltaka. Det er mange som ringer og lurar på om dei kan ha besøk i påska. Vi minner om det tydelege nasjonale rådet om å unngå reiser over kommunegrensene som ikkje er nødvendige. Fritidsreiser er ikkje å rekne som nødvendig. Det er gjort unntak for friske studentar som skal heim til sine føresette. Desse skal unngå å reise kollektivt.

Sjølv om innanlandsreiser ikkje utløyser karantene, er heile landet framleis underlagt nasjonale bestemmelsar om avstand og begrensningar av sosial kontakt. Innandørs familiesamankomster på tvers av husstandar eller bursdagsfeiringar, bør ein difor utsette til over påske.

Dette blir ei annleis påske for alle og mange blir sittande i einsamheit. Vi minner om at det kan hjelpe å snakke med nokon over telefon:

  • Mental helse sin hjelpetelefon 116 123
  • Kirkens SOS :22 40 00 40
  • Barnas alarmtelefon: 116 111 Denne er no døgnopen og har i tillegg chatteteneste
Publisert: 6. april 2020, 11:12