Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for oktober, 2019

Vi fann 77 artiklar i dette arkivet.


Byr på handlekveld

Jon Olav Ørsal Laurdag 26. oktober 2019

I neste veke arranger Byggmakker handlekveldar på sine butikkar i Surnadal, Sunndalsøra og på Bytås. Da er butikkane opne frå 18-21 på kvelden – det skjer tysdag 29. oktober på Byggmakker Tredal, onsdag 30. oktober hos Byggmakker Surnadal og torsdag 31. oktober hos Byggmakker Bytås. Onsdag kveld er det altså kveldsope i Surnadal, og da er også Hageland kveldsope.


Førebur asfaltering i småskala

Jon Olav Ørsal Fredag 25. oktober 2019

I lengre tid har det stått oppslag på butikkdøra på Matkroken om asfaltering i småskala. Måndag er det klart for å legge asfalt der det er bestilt, og fredag ettermiddag var Per Gjeldnes Maskin i gang med førebuingane på uteområdet ved Matkroken.


Søndag: Basar for trim-, ski- og friidretssgruppa

Jon Olav Ørsal Fredag 25. oktober 2019

Søndag 27. oktober arrangerer Todalen Idrettslag, trim-, ski- og friidretssgruppa basar i Todalen ungdomshus. På basaren som startar kl. 16.00 blir det ordinært basarbord med massevis av flotte gevinstar – ikkje minst hovudgevinsten som er eit par randoneeski av årets modell. Ca kl. 17.00 blir det utdeling av premiar for deltaking på lagseriestemna og aktivitetar på Tjønnmyran. Trimgruppa deler ut krus til deltakarane på trimaktivitetar på trimbøkene og så blir det lysbildekåseri! Fredag og laurdag er det førehandssal av lodd på Matkroken.


Siste dugnadsøkt i 2019

Elinor Bolme Torsdag 24. oktober 2019

Torsdag kveld var ein liten gjeng oppmøtt for å planere grusen etter graving og oppgrusing av turstien ved Oddøyhølen i retning Halsabrua. Og med den effektive gjengen, vart siste ankomne dugnadsdeltakar for sein til å delta. Nils Ove Bruset fortel at dugnadsarbeidet i 2019 no er ferdig.


Sistemann henta opp og heim frå årets sommarbeite

Elinor Bolme Torsdag 24. oktober 2019

Arne Drøpping frå Drøppingstranda, Ålvundfjord har i lengre tid leita etter dei tre siste sauane i besetninga rundt Ansnessetra. Han har fått fleire tips frå bygdafolket i Todalen, og i dag kunne han endeleg få heim dei tre siste frå årets sommarbeite. Ikkje heilt utan dramatikk, men med fantastisk hjelp frå Jan Vidar Øyen gjekk det bra til slutt, fortel han i ein epost i dag.


Dugnad på kort varsel

Elinor Bolme Onsdag 23. oktober 2019

Fleire har kanskje oppdaga at det har vore gravearbeid i nedre del av turstien. Grunneigar Ola Kvendset har den siste veka teke bort matjord og lagt på grus på deler av stien der han eig. Her er ikkje grusen planert enno, og derfor trengs ein liten dugnad til å planere utover før frosten gjer sitt inntog.



Fredag førstkomande: «Magi- og fantasioperatørene» på Surnadal kulturhus

Steinar Hasselø Måndag 21. oktober 2019

-En eksplosjon i magi og moro! Alt kan skje når vi lager teater for barn – helt uten manus! Like morsomt for voksne som for barn, så ta med mamma og pappa og stemor og naboen og tante og lillebror og en tremenning du ikke har sett på ei stund. Rett og slett hele gjengen!


Oppkjøring til skisesongen 2019/20

Elinor Bolme Måndag 21. oktober 2019

Laurdag inviterer skimiljøet Surnadal til storstilt skidag på Surnadal kulturhus. Her blir det muligheit til å sjå det aller nyaste av ski og utstyr til både langrenn, alpint, freeski og randonee. Ein får også tatt ein prat med forhandlarane og dei ulike skigruppene hos Surnadal IL for erfaringsdeling, veiledning eller berre slå av ein real skiprat.


Trekningsliste klar og snart kommer bøssebærerne

Elinor Bolme Sundag 20. oktober 2019

Her kommer trekningslisten etter loddsalget som ble opprettet i forbindelse med TV-aksjonen og den internasjonale bygdekvelden i Surnadal kulturhus sist uke. Den kommunale aksjonskomiteen ønsker å rette en kjempestor takk til alle som har kjøpt lodd, og ikke minst til alle som har bidratt med gevinster slik at det til slutt ble to trekninger.


Nordgarden med ny singel – med norsk tekst

Jon Olav Ørsal Sundag 20. oktober 2019

Terje Nordgarden er todalsvenn og godt kjent frå opphald på Todalen og konsertar på Todalshytta og Gammelfabrikken. Terje er aktiv musiker og har turnert mykje på kontinentet. Sist fredag slapp han ein ny singel ut på markedet. Den har en tekst som han har skrevet til sin far, og den er skrevet på norsk. Og det vil nok komme mer på norsk fra Nordgarden, så dette kan nok nærmest betegnes som en forsmak.


Mange julegåver, triveleg Fredrikkekaffe og måndag Kløvertur i Øyalia

Dordi Jorunn Halle Laurdag 19. oktober 2019

Da er ein del av julestria alt unnagjort, i alle fall for ivrige medlemmar i Sanitetsforeninga. Laurdag under strikkekaffen vart det pakka inn mange fine strikkaprodukt til både barn og vaksne i Estland. Her var det fine ullgenserar, lestar og vottar. I tillegg var det levert inn mange ferdigpakka gåver, og ein kunne sjå på presanglappane at her var det pakkar både til familiar, barn, ungdommar og eldre. Og gåvene skal kome til Estland alt neste veke, altså i god tid før julekvelden.