Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Henning Kvitnes og «Buakokkå» på Grendahuset

Elinor Bolme Onsdag 23. oktober 2019

Som tidlegare kjent får Bøfjorden storfint besøk søndag 27.oktober når Henning Kvitnes & Trond Helge Johnsen held konsert på Leikarvollen Scene på Bøfjorden Grendahus.

Same dag vil «Buakokkå» selge middag i kjellaretasjen og på menyen finn vi både Bacalao og viltgryte med tilbehør!

Sal av middag vil foregå mellom kl.15.00 og kl. 18.00

Dørene til konsertsalen opnar kl.18.00 og konserten startar kl.19.00

Så no får du sjansen til å nyte eit nydeleg fiskemåltid eller ei snasen viltgryte før du tek turen opp til hovudetasjen og får servert desserten i form av norsk musikk frå øverste hylle!

Henning Kvitnes har ein rikhaldig låtkatalog å velge frå og med songar som «Evig eies» (kun et dårlig rykte), «Sånne som oss» og «Guttær» for å nevne nokre få, må dette bli ein god dag for middag og musikk!

Vi oppfordrar alle til å kjøpe konsertbillett på førehand og det gjer du lettast ved å klikke deg inn på denne lenkja: https://tikkio.com/tickets/10709-en-aften-med-henning-kvitnes-trond-helge-johnsen

Treng du hjelp til billettkjøp kan du kontakte Kay på mobil 41416373. Ein kan også kjøpe billett i døra ved å betale med Vipps eller kontant.

Vi ønskar alle hjerteleg velkomne! Det gjer også Henning i ein videohelsing her: 

«Buakokkå» og Leikarvollen Scene

Publisert: 23. oktober 2019, 06:36