Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for juni, 2019

Vi fann 86 artiklar i dette arkivet.


Kom og eta bakels

Mari B. Redalen Torsdag 20. juni 2019

Torkjel og Knut går seg ein tur til skihytta på laurdag, og setter igang vaffelpressa. Alle som har lyst er hjerteleg velkomne innom til eit triveleg kaffelag. Om dei ikkje går på ein formsprekk, vil bakelsa være klar til 11.00. 


Med Nauståfossen som turmål

Jon Olav Ørsal Torsdag 20. juni 2019

Torsdag denne veka var det Nauståfossen på Kårvatn som var turmål for stavganggruppas utflukt. Til saman vart det 25 deltakarar på turen som gikk frå parkeringsplassen ved Kårvatn og innover etter vegen til Myrvang og vidare inn på den merka stien til Nauståfossen – ein fin og lett tur på eit par kilometer som kan forserast i joggesko eller fjellsko.


Avslutning på lagseriestemne

Elinor Bolme Onsdag 19. juni 2019

I morgon er siste gong med lagseriestemne før ferien. Denne er flytta til Tjønnmyra kor det blir høve til å både springe, klarte og leike seg for store og små. Det blir også anledning til å grille om nokon ønsker det.


Gunvor takker av og blir pensjonist…

Jon Olav Ørsal Onsdag 19. juni 2019

I dag køyrer Gunvor Fuglevåg si siste ordinære todalsrute med post til todalingane. Etter at tenesta er slutt i dag er Gunvor pensjonist og kan prioritere seg sjølv meir. Etter meir enn 40 år i Posten gler ho seg til å prioritere dagane på ein annan måte.


Spektakulær bruk av MøreRoyal på Vega

Jon Olav Ørsal Onsdag 19. juni 2019

«Vegatrappa og Ravnfloget Via Ferrata åpner veien til himmels» er overskrifta i Brønnøysund avis, som omtalar opninga av det spektakulære anlegget på øya Vega utafor Brønnøysund. – Det som er spesielt er at trappa er 500 meter lang, og har rundt 2000 trinn. Og at den er bygd i tre – MøreRoyal frå Talgø MøreTre. […]


Heilt klare for skuleferie!

Elinor Bolme Tysdag 18. juni 2019

Nok eit skuleår går mot slutten, og i går kveld vart dette markert ved Todalen Oppvekstsenter. FAU stilte med varme grillar slik at den som ville, kunne ta ein sein middag. Etterpå var det litt underhaldning av elevane i 1.-4. klasse. Rundt om i gymsalen var det utstillingar frå mange ulike prosjekt som elevane hadde gjennomført i løpet av skuleåret. 


Talgø MøreTre AS nominert til innovasjonspris!

Elinor Bolme Måndag 17. juni 2019

Bærekraft, konkurransekraft og verdiskapning står i fokus når juryen til Byggenæringens Innovasjonspris var samlet i forrige uke for å velge ut åtte finalister til Byggenæringens Innovasjonspris 2019. Og blant kandidatene finner vi nå Talgø MøreTre AS med Concise Collection®


MOT Surnadal vil nyte godt av Ræta Opp i år

Jon Olav Ørsal Måndag 17. juni 2019

Laurdag 29. juni er Ræta Opp ein del av Todalsdagen 2019. Ræta opp er kjent for å ha ein sosial profil, der startkontingenten går til ei god sak eller eit samfunnsnyttig prosjekt. I år er det Mot Surnadal som får nyte godt av Ræta Opp-løparane sitt bidrag, og vi håper at ekstra mange vil bli med på løpet i år. Fagerli-Brothers kjem ikkje og blir med i år, men dei helsar til Todalsdagen og til Ræta Opp, fortel Ingvild Kårvatn og Knut Bergli i Todalsdagen.



Torsdag 20 juni: Stavgangtur til Kårvatn og Nauståfossen

Sverre Kjølstad Måndag 17. juni 2019

Denne gangen samles vi ved Kårvatn for å gå til Nauståfossen. Da går vi over broen foran
Kårvatn Fjellutstyr og følger veien fram til småbruket Myrvang, og videre etter veien / stien
fram til Nauståfossen.


Historielagstur til Torjulvågen og Frei.

Marit Haugen Sundag 16. juni 2019

Todalen og Stangvik historielag hadde og i år samarbeid om felles busstur for medlemmer og andre. I år skulle turen gå innom Torjulvågen og vidare til Frei, og det var litt over 30 stk som tok 9-ferja frå Kvanne laurdag den 15. juni, med Øystein Moe som stødig sjåfør på bussen – i sol frå mesta skyfri himmel. Det var Stangvik historielag som stod for hovedansvaret for turen i år, med Lars Gudmund Røen som tilretteleggar og leiar for turen.


Tårn og hegg månadens bilete

Mari B. Redalen Sundag 16. juni 2019

Soleklar seier til Marit Sanden Søyset sitt bilete tårn og hegg. Gratulerer, premie vil bli overbragt. Tusen takk til alle som sender oss bidrag.