Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Gunvor takker av og blir pensjonist…

Jon Olav Ørsal Onsdag 19. juni 2019

I dag køyrer Gunvor Fuglevåg si siste ordinære todalsrute med post til todalingane. Etter at tenesta er slutt i dag er Gunvor pensjonist og kan prioritere seg sjølv meir. Etter meir enn 40 år i Posten gler ho seg til å prioritere dagane på ein annan måte.

I rundt 20 år har todalsruta vore arbeidsplassen hennar, og jammen har det skjedd store endringar på den tida – både med posttenester og ikkje minst digitaliseringsprosessen i samfunnet.

På spørsmål om kva som ventar i pensjonisttilværet så seier ho at første dagen skal brukast til Orkangertur, på verkstad med privatbilen. Elles har ho gode forsett om å legge seg i trening for å kome i form til ho seinare i sommar skal på fottur i Austerrike.

Kaffe, is og røde roser til Gunvor i dag. Handelsmann Nordvik sørga for å gjera litt stas på Gunvor som blir pensjonist i dag. Foto: Jon Olav Ørsal

Men først skal turen rundt bygda gjerast unna, og den vart nok ikkje snargjort i dag. mange ville nok takke den blide postdama for alle aviser og posttenester ho har bydd på. Kaffe, is og roser vart det på Kaffekroken etter at runden var unnagjort.

Lykke til som pensjonist Gunvor!

Publisert: 19. juni 2019, 14:50