Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for juni, 2018

Vi fann 100 artiklar i dette arkivet.


Leilighet til salgs på Kvendset

Elinor Bolme Laurdag 23. juni 2018

Trivelig leilighet med fint uteområde i Kvendset borettslag ligg no ute for salg på finn.no. Leiligheta er oppført i 1998 og består av vindfang, stue og kjøkken i åpa løysning, bad, to soverom, ei bod samt ei utebod.


Så vart det fiskarelv

Jon Olav Ørsal Fredag 22. juni 2018

Etter at laksefisket starta 15. juni har det vore elendige forhold for fiske – NVEs vassmålar ovafor Storfossen har vis ei vassføring helt ned til 2,5 m3/sek dei siste dagane, og det har vore nærast umuleg å fiske. Det siste døgnet har det imidlertid regna jevnt, og vassmålaren etter kvart gått rett til værs og hamna på rundt 16 m3/sek i ettermiddag.


Kald start på Laksefestivalen

Jon Olav Ørsal Fredag 22. juni 2018

Vêrgudane sørga for ein kald start på årets laksefestival, som starta torsdag kveld med familiearrangement ved Glønavatnet på Nordmarka. Torsdag opna marknadsgata med mange boder, der det vart tilbydd alt mellom himmel og jord. Det var in del folk i gatene mellom regnbygene, og det var fleire av utstillarane rapporterte bra sal på opningsdagen.


Feiarane utvidar pipesortementet sitt

Elinor Bolme Fredag 22. juni 2018

I løpet av 2018 og 2019 skal feiarane Hans Christian Harstad og Marie Martinusen  i Surnadal kommune kartleggje alle hytter og fritidsbustader etter at den nye forskrifta om brannforebygging trådte i kraft 1.1.18. Forskrifta seier at kommunen skal sørgje for at røykkanalane i fyringsanlegg som blir bruka til oppvarming av byggverk skal feiast, og at dei same fyringsanlegga skal førast tilsyn med, etter behov.


Filmhelg med mange godbitar

Steinar Hasselø Fredag 22. juni 2018

Det blir ein kinofri fredag, da kulturhuset blir prega av god laksefestivalstemning den kvelden. Til gjengjeld vil det bli vist tre nye filmar laurdag og søndag, mens «Jurassic World» rundar av for denne gongen laurdag ettermiddag.


Nauståfossen var målet for dagens stavgangtur

Jon Olav Ørsal Torsdag 21. juni 2018

Siste stavgangtur før sommerferien gikk torsdag til Nauståfossen ved Kårvatn. 35 deltakarar var med på turen innover til Nauståfossen og tilbake igjen til Kårvatn. Etter eit par månader med finvêr var vêrgudane litt mer i ulage i dag, så kaffepausen etter vart arrangert i den flotte gapahuken til Todalen Idrettslag på Tjønnmyra.


Alternativ trening og sosial avslutning

Elinor Bolme Torsdag 21. juni 2018

I går kveld møttes spelarane på Søya/Todalen G/J 10 til alternativ trening og sesongavslutning på Tjønnmyra. Kveldens trenar var Gunnar Nordvik, og han introduserte ungane for den fine hinderløypa som no har gjort Tjønnmyra skiarena til eit heilårsanlegg.


I helga: Laksefestival med allsidig program

Jon Olav Ørsal Torsdag 21. juni 2018

Sjølv om det er laksen som står i sentrum denne helga, så kan Norsk Laksefestival by på eit allsidig program som kan friste dei alle. Du kan i grunne velge og vrake i aktivitetar både for deg sjølv og for heile familien. Det heile startar egentlig når Camp Villaks etableres ved Skeishølen torsdag ettermiddag, og sia går det slag i slag gjennom heile helga.


Til Talgøsetra med trimgruppa

Jon Olav Ørsal Torsdag 21. juni 2018

Våren er ei aktiv tid med mykje trimaktivitetar, og denne gongen var det Todalen idrettslags trimgruppe som hadde invitert til trimtur til Talgøsetra. Med start frå Sandbakkan gikk turen opp etter skogsvegen i Huslia, og opp til trimposten på Talgøsetra med 8 deltakarar inkludert vår utskremte.


I dag: Balldag på programmet

Jon Olav Ørsal Onsdag 20. juni 2018

Tysdag er balldag på Todalshytta – førstkomande tysdag (25. juni) er vi i gang med balldag igjen, fortel Jan Larsen og Terje Kristiansen som held koken på Todalshytta. Potetball er handverk, så vi har sikra oss Åse Øyen som gjestekokk med spisskompetanse på balldagene i sommar. Det blir servering frå kl 14 og så langt det rekker til kl. 17, kvar tysdag.


Skal gå inn pengar til KBK frå Storlidalen til Kårvatn

Jon Olav Ørsal Onsdag 20. juni 2018

Kjetil Thorsen & Co i KBK «gikk inn pengar» frå Innerdalen til Todalen i fjor – i år gjentek dei turen, men denne gongen går turen frå Storlidalen til Kårvatn i Todalen. I fjor var dei eit 40-tal som var med på sponsorturen over fjellet.


Gaupe på besøk – fikk seg ein støkk…

Jon Olav Ørsal Onsdag 20. juni 2018

Katarina Wedelsbäck Bladh fikk seg nok ein støkk, da ho fikk besøk av gaupa rett utafor kjøkkenvinduet måndag kveld. Katarina som er fagleg ansvarleg i Svinviks arboret, bur i servicebygget på arboretet, og satt ved kjøkkenbordet og jobba da ho fikk besøk. – eg kika tilfeldig vis ut gjennom kjøkkenvinduet, og der kom gaupa spaserande, fortel Katarina til Todalen.no.