Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Så vart det fiskarelv

Jon Olav Ørsal Fredag 22. juni 2018

Etter at laksefisket starta 15. juni har det vore elendige forhold for fiske – NVEs vassmålar ovafor Storfossen har vis ei vassføring helt ned til 2,5 m3/sek dei siste dagane, og det har vore nærast umuleg å fiske.  Det siste døgnet har det imidlertid regna jevnt, og vassmålaren etter kvart gått rett til værs og hamna på rundt 16 m3/sek i ettermiddag.

Stian Fredrik Evensen tok ein flott aure på 3,5 kg her om dagen. Foto: SFE

Det er no fine forhold for fiske, og det er naturleg å tru at laksen som har stått og venta i fjorden no vil gå opp i elva, slik at det kan bli eit betre laksefiske etter kvart.  Det er meldt litt nedbør både laurdag og søndag, men i neste veke er det lite håp om nedbør etter vêrmeldinga på yr.no å dømme.

Noko av nedbøren kom faktisk som snø det siste døgnet – nysnø i Snøfjellet, Skjerdingfjellet og Grinaren i dag. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 22. juni 2018, 22:05