Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Gaupe på besøk – fikk seg ein støkk…

Jon Olav Ørsal Onsdag 20. juni 2018

Katarina Wedelsbäck Bladh fikk seg nok ein støkk, da ho fikk besøk av gaupa rett utafor kjøkkenvinduet måndag kveld. Katarina som er fagleg ansvarleg i Svinviks arboret, bur i servicebygget på arboretet, og satt ved kjøkkenbordet og jobba da ho fikk besøk.  – eg kika tilfeldig vis ut gjennom kjøkkenvinduet, og der kom gaupa spaserande, fortel Katarina til Todalen.no.

Katarina fikk summa seg såpass at ho fikk sikra seg eit bileta av kveldsgjesten. Foto: Jon Olav Ørsal

Den kom liksom litt stoms på da, men heldigvis hadde eg mobiltelefonen med kamera i nærleiken.  I forfjamselsen vart det først eit par bilder der gaupa kanp var synleg, med fikk no eit bilde da som kan brukast som «bevis» på den korte visitten.  Gaupa kom faktisk spaserande etter gardsvegen som går forbi servicebygget her og den spaserte i ro og mak vidare utover og forbi fjøset før den kom bort.

Katarina har ikkje sett gaupe i levande live før, så ho tykte det var artig. Men ho innrømmet at ho sjekka ein ekstra gong at ytterdøra var stengt og at vinddua var lokka før ho gikk til sengs den kvelden.  Katarina tykte det var veldig artig å få slik besøk, og det viser at vi bur tett innpå naturen sier ho.

Her kom gaupa spaserande forbi servicebygget i arboretet. Foto: Jon Olav Ørsal

Katarina nytta også høvet til å vise fram den nye brosjyra som er laga til årets sesong i arboretet. Det er ein presentasjon av arboretet og historia rundt, og sjølvsagt fokus på Halvor og Ane Svinvik som etablerte hageanlegget som i dag er Svinviks arboret.  Det er til sals i kiosken i arboretet, der du også kan få kjøpt ein kaffekopp og ein godbit attåt.

Hilde Staveli Solli med det nye infoheftet som er til sals i kafeteriaen. Foto: Jon Olav Ørsal

Oversikt over arboretet – saksa frå infoheftet

Opningstider – legg merke til at arboretet har kveldsope til kl 20 i juli.

Publisert: 20. juni 2018, 15:00