Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Feiarane utvidar pipesortementet sitt

Elinor Bolme Fredag 22. juni 2018

I løpet av 2018 og 2019 skal feiarane Hans Christian Harstad og Marie Martinusen  i Surnadal kommune kartleggje alle hytter og fritidsbustader etter at den nye forskrifta om brannforebygging trådte i kraft 1.1.18. Forskrifta seier at kommunen skal sørgje for at røykkanalane i fyringsanlegg som blir bruka til oppvarming av byggverk skal feiast, og at dei same fyringsanlegga skal førast tilsyn med, etter behov.

Aukar frå 3500 til 5100 enheiter

Dette betyr at dei kommunale feiarane no også skal feie og ha tilsyn på 1600 hytter/fritidseiendommar i kommunen, i tillegg til dei 3500 bustadene som er på lista i dag. -Denne forskrifta aukar vår arbeidsmengde betrakteleg, dette er ikkje definitivt ikkje gjort i ei handvending, fortel brannsjef i Surnadal kommune Tor Arne Moen. Vi ser for oss at sjølve tilsyns- og feiejobben ikkje kjem i gang før tidlegast i 2020. Først må vi kartleggje alle einheitene som ligg rundt om i kommunen. – Her kjem vi nok til å måtte bruke ulike framkomstmiddel for å nå dei ulike bygga seier feiar Hans Christian Harstad. Vi vil også etter kvart få dispansasjon med tanke både på vernesoner og ulike restriksjonar i Trollheimen, for både 6-hjuling og snøscooter må benyttast.

Auke i kommunale avgifter

Alle eigarar av hytter og fritidsbustader vil med dette merke ei lita auke ved neste fakturering av dei kommunale avgiftene, fortel Moen. Her vil eit ekstra gebyr på 476 kroner komme i tillegg til dei øvrige feie- og renovasjonskostnadane. Dette på bakgrunn av investeringar i nytt datasystem kor all informasjon skal samlast og ikkje minst auka ressursbruk i kartleggingsfasen. Etter kvart vil alle eigarar av fritidseigendommane få tilsendt ein sms der det ligg ved ein link til eit enkelt skjema. -Dette skjemaet vil sende informasjon om beliggenheit, adkomst og andre nødvendige opplysningar feiarane treng, rett tilbake til datasystemet. Desse opplysningane blir deretter bruka når vi så startar planlegging av tilsynet og feiinga i 2020 og utover.

Langsiktig ordning med samarbeid

Per i dag har vi målsetjing om at alle ordinære bustader skal feiast og førast tilsyn med annakvart år, fortel brannsjefen. Vi ser derfor for oss at vi innan ein 10-årsperiode skal ha gått over dei nye 1600 einheitene i tillegg til det vi rullerer på til vanleg. Her ser vi for oss at eit samarbeid på tvers av kommunane Rindal og nye Heim kan bli aktuelt for å kunne handtere den nye forskrifta. På sikt kan det nok derfor bli behov for meir mannsakap i feievesenet vårt, seier han. Men vi er også avhengig av samarbeid med eigarane av eigendommane; der dei eller ein annan representant må være til stades ved sjølve tilsynet. -Men dette tek vi etter kvart, seier feiarane Marie og HC. -Ingen treng å bekymre seg for noko ennå, vi er berre ute etter å informere litt om kva denne forskrifta krev av etaten, og korleis det berører dei berørte. 

Les meir om den lokale forskrifta i Surnadal kommune eller på DSB: Forskrift om brannforebygging  

 

 

 

 

 

Publisert: 22. juni 2018, 20:24