Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for juni, 2018

Vi fann 100 artiklar i dette arkivet.


No stig vår song

Elinor Bolme Laurdag 2. juni 2018

Onsdag 6.juni kl.19.30 er det duka for Vårsongkveld i Ranes kyrkje med fleire kor og instrumentalistar. Her blir det besøk av kammerkoret WOK frå Sunndal kulturskule med dirigent Lone Eines. I tillegg blir  to lokale kor med.


Stem på månadens bilete for mai

Mari B. Redalen Laurdag 2. juni 2018

Òg denne månenden har vi plukka ut eitt utval bilete som skal vera med i kåring om å verta månandens bilete. Hjelp oss med å røysta fram det bilete du synest fortena ei lita merksemd.


Skogbrann etter lynnedslag i kvennsetlia

Jon Olav Ørsal Fredag 1. juni 2018

Natt til fredag gikk det eit forrykande tordenvær over bygda og store deler av Indre Nordmøre rundt midnatt. Det var både lyn og torden og eit lynnedslag oppi kvennsetlia antente skogbotnen og laga ein mindre skogbrann. Brannen vart meldt rundt kl 00.30 og brannmannskap vart kalla ut både frå brannlaget i Todalen og full utrykning frå hovudbrannstasjonen i Surnadal.


Avslutta 10 skuleår med eit smell!

Elinor Bolme Fredag 1. juni 2018

I går ettermiddag samlast ca 45 av dei rundt 60 ungdommane som går i 10. trinn ved Surnadal ungdomsskule til overnattingstur på Bordholmen. Ein avslutningstur der dei aller fleste som deltok på, med stor sannsynlegheit kjem til å minnast lenge. Turen hadde nemleg alt frå strålande sol, bading, leik, moro, god mat og eit litt skummelt torevêr til slutt som faktisk enda i ein liten brann i Kvendsetliene.