Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for juni, 2018

Vi fann 100 artiklar i dette arkivet.


Straumsnes/Tingvoll vart for sterke

Elinor Bolme Onsdag 13. juni 2018

I går kveld møttes Surnadal/Søya/Todalen til kamp mot Tingvoll/Straumsnes i G16 serien på Bordholmen. Tingvoll/Straumsnes tok leiinga frå start og hadde rimeleg kontroll gjennom heile kampen.  Desse gutane er del av ein enda større stall, som stiller lag i både 7’er og 11’er klassen. Kveldens kamp var i 7’er spel.


Fotpleie i juni

Dordi Jorunn Halle Tysdag 12. juni 2018

No er det tid for ein ny runde med fotpleie i Todalen sanitetshus. Fotterapeut Pan Promchart Hoset kjem tysdag 26. juni og onsdag 27. juni. Ho har mange ledige timar båe desse dagane. Påmelding til Marit Sanden Søyset på telefon 980 36 391. Marit og Pan set pris på at folk melder seg på så […]


Ny fotballkamp på Bordholmen i dag

Elinor Bolme Tysdag 12. juni 2018

Også i dag er det fotballkamp på Bordholmen. Da er det Surnadal/Søya/Todalen som får besøk av Tingvoll/Straumsnes i klassen G16. Dei skal spele 7’er, og startar klokka 19.


Idéane haggla og arbeidet med vekst er no i gang

Elinor Bolme Måndag 11. juni 2018

Ungdomshuset var i kveld nesten fullt av engasjerte todalingar med eit felles mål; å få Todalen til å bli ein enda meir attraktiv plass å bu på enn den allerede er. PT-utvalget ved Jostein Bruset og Jo Gjeldnes gjekk igjennom status på folketalet i bygda dei siste 20-åra, og kunne fort konstatere at det definitivt har gått nedover dei siste åra, men at vi absolutt burde kunne fokusere på vekst og tilflytting i ein snuingsprosess.


Rusletur ved Gammelfabrikken

Dordi Jorunn Halle Måndag 11. juni 2018

Gammelfabrikken, Fossheim, var base for dagens Kløverrusletur. Da turgåarane møttest på Kvennsetøran var det kald nordåvind, og det var litt usikkert om det var ver til trim og kaffelag ute i det fri.


Hugs idédugnaden i kveld!

Elinor Bolme Måndag 11. juni 2018

Pt-utvalget minner om idedugnaden kl 19 i Todalen ungdomshus klokka 19 i kveld. Dei håpar så mange som muleg tek turen!


Kranaskjæret – flott signalbygg med element frå Todalen

Jon Olav Ørsal Måndag 11. juni 2018

Kranaskjæret har kome skikkeleg i fokus den siste tida, og det er på grunn av utbygginga som skjer – midt i Vågen i Kristiansund. Interessant for oss i Todalen.no er det på grunn av at heile prosjektet er basert på MøreRoyal trematerialar frå Talgø MøreTre. Kranaskjæret har ei lang og spesiell historie, og har gjennom hundrevis av år vore sentral i skipsfarten både lokalt og globalt.


I aksjon på SILregn Cup

Elinor Bolme Sundag 10. juni 2018

I dag var 54 lokale fotballag samla på Syltøran stadion til årets SIL regncup og Dråkongcup 2018. Surnadal IL har lagt tilrette for at jentelaga skal kunne møte lik motstand, og arrangerer derfor rein jenteturnering. I år med 22 påmeldte lag. Den tradisjonelle SILregncupen er for gutte- eller blandalag. Her var det 32 deltakande lag.


Unggutane slo til med seier.

Elinor Bolme Sundag 10. juni 2018

I dag arrangerte Surnadal Golfklubb Pink Cup på Mo. Her vart det dominans av den yngre garde;  Håkon Sæther og Audun Moen Skei vann turneringa med 46 poeng. På delt 2. plass med 44 poeng kom sunndalingane Vidar Sæther og Rune Nikolaisen og dei lokale gutane Geir Berntsen og Magnus Snekvik.


KBK tok Molde på heimebane!

Jon Olav Ørsal Sundag 10. juni 2018

Det var slett ikkje nokon selvfølge at KBK skulle vinne heimekampen mot Molde i går kveld. Men etter 90 minutt og 4 minutts tilleggstid var 1-0 eit faktum i favør av KBK. 4300 såg kampen på Kristiansund stadion, som var fylt til siste plass. 4100 av publikum var nordmøringar og resten var romsdalingar og reserverte plassar for Molde-supportere.


Interessant og triveleg tur til Valsøyfjorden

Dordi Jorunn Halle Sundag 10. juni 2018

Laurdag 9. juni drog Stangvik historielag og Todalen historielag på tur til Valsøyfjorden. Bussen var full, 50 turistar i alt, og mange av turdeltakarane vart rett og slett overraska over kor mykje spennande og interessant vi kunne få sjå og oppleve berre ved å ta ein kort tur til nabokommunen. Guiden vår, Bjørn Fjærli, skal ha mykje av æra for at det vart ein så vellukka dag. Han var kunnskapsrik og flink til å fortelje!


Vaffeldag på Skihytta

Michal K. Heimlund Laurdag 9. juni 2018

En solfylt dag i godt lag med kaffe og bakels på Skihytta i dag. Tørt og fint var det å gå dit. For de som ikke har gått opp til Tårnet etter hogsten i vinter, var starten på turen også en ny opplevelse.