Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for mai, 2018

Vi fann 84 artiklar i dette arkivet.


Dugnaden er i gang!

Elinor Bolme Fredag 4. mai 2018

I dag var første offisielle dugnadsøkta på Toåa Tursti i full sving. Dagens innsats vart lagt ned på Matkroken, kor det vart seld lodd til neste helgs basar i Ungdomshuset. Ragnar Halle og Carsten Bohle var første mannskap ut og kunne fortelje om stor positivitet til å både ta lodd og til sjølve prosjektet. 


Dyktige strandryddarar

Dordi Jorunn Halle Fredag 4. mai 2018

Elevane ved Todalen oppvekstsenter nytta siste skuledagen i aksjonsveka «Hald Midt-Norge reint» til strandrydding i Todalsøran naturreservat. Dei hadde base på Bordholmen, og plukka søppel i sjøkanten i retning småbåthamna og sørover mot elva og Halsabrua.


Stavgang i Bøfjorden

Dordi Jorunn Halle Fredag 4. mai 2018

Heile 37 trimmarar møtte opp til stavgang ute i Bøfjorden. Gjengen møttest på Elvaneset i godt ver, og derifrå gjekk folk i ulike retningar og i ulikt tempo.


Nordvikstranda. Foto: Dordi J H

Strandryddedag på Nordvik

Dordi Jorunn Halle Fredag 4. mai 2018

Laurdag 5. mai er det den store strandryddedagen i Norge. På Nordvik følgjer dei opp ein god tradisjon og arrangerer strandrydding langs strendene på Nordvik.


Hærverk ved Øyabrua – saka oppdatert

Jon Olav Ørsal Torsdag 3. mai 2018

Oppsynsmann Gunnar Bøe i Surnadal kommune fortel at dei i dag har hatt befaring til Øyabrua. Der vart det oppdaga at sperresteinane som skal markere tillatt breidde på 2,10 m for kjørety som kan passere er flytta. Nokon har teke seg til rette og flytta steinane, og det var lett å sjå traktorspor på begge sidene av brua. Dette er hærverk på offentlig eiendom, og går direkte på helse, miljø og sikkerheten til brukerne av brua. Det er tross alt en grunn for at sperresteinene står som de gjør, seier han. Kommunen er villige til å gje ein sjanse, men….



Maipynt med meining – laurdag kan du kjøpe maiblomst!

Dordi Jorunn Halle Torsdag 3. mai 2018

Laurdag 5. mai blir det salg av maiblomster framfor Hals, både bilblomster, krans og pin. Sanitetskvinnene har seld maiblomster sidan 1909, og har skaffa over 200 millionar kroner til inntekt for folkehelsa. I år går inntekta til arbeid til beste for barn og unge landet over.


Medlemsmøte på Billaget

Elinor Bolme Torsdag 3. mai 2018

Surnadal Pensjonistlag har medlemsmøte på «Billaget» på Surnadalsøra tirsdag 8.5. kl 1500. Orientering ved Jon Mogstad. Etterpå går turen til Hammerstuene, der det blir  servering og loddsalg.


INF: Markerer frigjøringsdag og veterandag 8. mai

Jon Olav Ørsal Torsdag 3. mai 2018

Indre Nordmøre forsvarsforening, Nordmøre Brigadeveteranforening og Norsk veteranforening for internasjonale operasjoner minner sine medlemar om markeringa av 8. mai som frigjøringsdagen og Forsvarets veterandag. INF innleder i samarbeid med Nordmøre Brigadeveteranforening en tradisjon med 8. mai-markering lokalt. Dagen markeres også med utdeling av medaler til 8 Tysklandsbrigadeveteranar.


Gjorde seg kjent på Talgø

Jon Olav Ørsal Onsdag 2. mai 2018

Onsdag var Rindal Vaksenopplæring på tur til Todalen og besøk på Talgø MøreTres Elementfabrikk på Kvennset. På turen til Todalen tok dei først Svinvikrunden til fots, og var ikkje så reint lite imponert over dei gamle vegane oppover Kleiva


Stavgangartur til Bøfjorden

Elinor Bolme Tysdag 1. mai 2018

Vekas stavgangtur går på torsdag til Elvaneset i Bøfjorden, og startar som vanleg klokka 11. Ein vandrar kvar ein vil og et medbragt mat på den fine rasteplassen tett ved sjøen, melder Bitten Ranes i ein epost til redaksjonen. 


Opningstider i mai

Jon Olav Ørsal Tysdag 1. mai 2018

I mai med mange «raud-dagar» er det avvikande opningstider på matkroken, der det blir kioskope i staden for ordinær opningstid. I dag på 1. mai er ein av disse dagane, der det er kioskope frå 16-18. Bla vidare så finn du opningstida for resten av mai