Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for juni, 2015

Vi fann 97 artiklar i dette arkivet.


Innbyggjarundersøking – ta telefonen!

Jon Olav Ørsal Måndag 8. juni 2015

Denne veka startar innbyggjarundersøkinga i samband med kommunereforma. Det er mange som får telefon der du får spørsmål om kommunereforma og har høve til å seie di meining om kva syn du har. Ta derfor telefonen, dersom den kjem!


Ventetida snart slutt!

Jon Olav Ørsal Måndag 8. juni 2015

I dag er det ei veke att til laksefisket startar i Toåa. Det er knytta stor spenning til årets sesong, etter fjorårets sesong på det næraste var ein katastrofe for laks- og sjøaurefiske både i Toåa og dei fleste andre elvane i heile Midt-Norge. Men litt optimisme rår likevel…


Senioruniversitetet til MøreTre

Elinor Bolme Sundag 7. juni 2015

10.juni kl 1100 besøker Indre Nordmøre Senioruniversitet MøreTre i Surnadal. Her blir det gitt orientering om bedrifta og bedriftshistoria, deltakarane får ei enkel servering – og så blir det omvisning i grupper. Frammøte på Kantina hos Trollheim Industrier. Arrangementet er gratis – og alle er velkomne!  


Jubilerte med fullsett storsal

Jon Olav Ørsal Sundag 7. juni 2015

Einy Rendal Elgsæther ønska fullsett sal i Todalen ungdomshus velkomen til 170-årsjubileum. – Vi hadde så lys til å feire dette skikkeleg og har invitert gjestar frå både fjern og nær for å feire saman med oss.


Kjøp lodd, da vel!

Jon Olav Ørsal Laurdag 6. juni 2015

Dei to blide damene satt på butikken for Superlotteriet til Todalen idrettslag – det tradisjonelle lotteriet som har trekning under Todalsdagen. Loddselgarjobben skal gå på omgang fram til Todalsdagen som arrangeres 27. juni – altså om 3 veker.


Melhus hagelag med vårtur til Todalen

Dordi Jorunn Halle Laurdag 6. juni 2015

Vårturen til Melhus hagelag gjekk i år til Todalen. Viktigaste post på programmet var besøk i arboretet i Svinvika, men dei tok og turen rundt om i Todalen. Leiar i Melhus hagelag er Ingjerd Melhuus, ho voks opp i Steinarstua i Todalen. Ho kunne fortelje at Melhus hagelag har god aktiviet og om lag 60 […]


Søte fristelsar

Elinor Bolme Laurdag 6. juni 2015

Vêret er kanskje ikkje det ein forbinder med hagevandring og rhododendronblomstring. Men det er definitivt vêret til å kose seg med ein kaffekopp og noko godt innomhus. Svinviks Arboret er åpe i helga, og som de ser har dei mange søte fristelsar å få kjøpt i kafeen. Arboretet har ope i morgon frå 11-16, og […]


52/17 Søndagsturen til Svinvika

Jon Olav Ørsal Fredag 5. juni 2015

Denne helga går søndagsturen til Svinvika, og blir ein runde i Gammemelvegen. Da har du også ein ypperleg sjanse til å besøke Svinviks arboret i same slengen. Der er blomstringa på topp no, og heile hagen står i full flor. Her kan du også ta deg ein kaffepause i arboretet kaffeteria.


Fin trimtur innover Røskattvegen

Dordi Jorunn Halle Fredag 5. juni 2015

Torsdag kveld arangerte trimgruppa tur med både lokalhistorie, trim og triveleg sosialt samver. Veret var ikkje det beste, men tretten deltakarar vart med på ein interessant tur!


Musikalsk aften i Skulstuå

Jon Olav Ørsal Torsdag 4. juni 2015

Venner av Skulstuå inviterer til musikalsk aften onsdag 10.juni kl. 20.00 i Skulstuå. Tre habile trekkspelkarar underheld både med fengande musikk og ikkje minst gode historier mellom kvar melodi! Odd Arne Halaas (med aner frå Todalen) og Konrad Nerland har begge spela i Skulstuå tidlegare, og gler seg til å koma att!


Fenomenal konsert – aldri høyrt makan!

Jon Olav Ørsal Torsdag 4. juni 2015

Det vart ein fenomenal konsert på Gammelfabrikken onsdag kveld , og over 150 nytta høvet til å få med seg denne happeningen. Og det er da heller ikkje kvar dag ein får ein slik artistgalla på scena – her stilte nemleg Asle Beck, Terje Nordgarden, Amund Maarud, Claudia Scott, Jeff Wasserman, Johanna Demker og Alf Bretteville på scena på ein og same kveld! Og du kan snakke om stinn brakke! Publikum var med frå første tone, og gjennom 2 ½ time – heilt til ekstranummeret var slutt.


Siste Eldremiddagen i Sanitetshuset, ein epoke er over

Dordi Jorunn Halle Onsdag 3. juni 2015

Jon Lunde tok på slutten av 1980-talet initiativ til samlingar for eldre med servering og sosialt samvær. Eldremiddagen vart første gongen arrangert 8.februar i 1990 i Sanitetshuset. Rett nok var det nokre meir uformelle samlingar i 1988 og 89, men Eldregruppa i Todalen vart stifta i januar i 1990, og sidan har eldremiddagen vore eit fast arrangement. Det første styret i Eldregruppa var Jon Lunde, Olav Moe, Margit Halle, Jenny Kvendset og Steinar Husby. Foto: Dordi Jorunn Halle