Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for desember, 2014

Vi fann 67 artiklar i dette arkivet.



Stangvik kyrkje: Fristar med adventkonsert

Jon Olav Ørsal Måndag 8. desember 2014

Stangvik jentekor inviterer til adventkonsert i Stangvik kyrkje tysdag kveld. Dei har fått med seg Todalskoret og Åsskard kyrkjekor, og byr på både korsong, allsong, legender og eit lite krybbespel set førjulstida i fokus. Konserten startar kl 19.30.


Intimkonsert i Skulstuå – forsmak på julestemninga

Jon Olav Ørsal Sundag 7. desember 2014

Søndag ettermiddag var det konsert med forsmak på julestemninga i Skulstuå. Familien Kvendset frå Vanvikan, med mor og far – Randi og Ingebrigt, og borna Bodil(14), Hallvard (11) og Alfred (9) – frista oss med konsert og allsong. Det vart ei triveleg ettermiddagsstund med mykje song og musikk.


Bukkefall i Glenna

Jon Olav Ørsal Sundag 7. desember 2014

Hjortjakta er ikkje ferdig enno, sjølv om kvotane etter kvart fylles opp. Halla og Husby jaktlag var laurdag på jakt i Husby- og Hallaberga og resultatet vart ein 7-spiring denne gongen. Jaktlaget starta i Petlia og jakta vidare innover lia. I eit av granfelta ovafor Ramsøya tok dei ut denne bukken som fann sin nåde i postrekkja i Glenna innafor Engjavadberget.


Adventsquiz – Andre søndag

Ole Petter Talgø Sundag 7. desember 2014

No som andre lys skal vera tent, er det klart for andre porsjon av Todalen.no sin adventsquiz. Klarer du desse nøttene, er du med i trekninga av ein overraskelsespremie. Kanskje kan du finne nokre av svara her på Todalen.no, om du ikkje kan alt?


I dag: Bli med og syng inn jula!

Jon Olav Ørsal Sundag 7. desember 2014

Søndag ettermiddag blir det underhaldning med allsong og konsert i Skulstuå. Familien Kvendset – med Randi og Ingebrigt og tre av borna, – Bodil, Hallvard og Alfred vil underhalde oss med song og musikk denne 2. søndagen i advent og startar kl 16.00


Mild desember så langt…

Jon Olav Ørsal Laurdag 6. desember 2014

Ein skulle tru at det i år er uvanleg mildt til desember å være. Men slik er det faktisk ikkje, skriv Jon Bruset i ein e-post til Todalen.no, der har har teke ein gjennomgang av max- og minimumstemperaturane dei sia 1990. Torsdag registrerte han maksimumstemperatur på +12, 5 på Småhjellan.


Tente lys og nissar på besøk

Elinor Bolme Laurdag 6. desember 2014

Årets julegrantenning i Todalen samla mykje folk utanfor Matkroken fredag i kveldinga. PT-utvalget hadde som vanleg rigga seg til med gløgg, pepparkaker og twist. Vêret var kanskje litt stussleg slik julestemningsmessig utan snø og sparkføre, men god temperatur gjorde at folket ikkje hadde det så alt for travelt med å bryta opp etterpå i det minste.


Mykje god lokalhistorie mellom permane

Jon Olav Ørsal Fredag 5. desember 2014

Stangvik historielags årsskrift er på plass i butikkane. 60 sider med lokalhistorie frå gamle Stangvik er samla mellom permane, og blir no bydd fram til sals. Stangvik historielag famnar området som fram til 60-talet var ein eigen kommune (unnateke Todalen som har eige historielag) og som derfor har mykje felles historie å ta vare på.


Julegrantenning i Todalen

Elinor Bolme Fredag 5. desember 2014

I dag etter stengetid på Matkroken blir julegrana i Todalen tennt. Dette er Plan og tiltaksutvalget sitt tradisjonelle oppdrag, og de lover både gløgg, gang rundt juletreet og besøk av nissen.


Ut på tur, kvar søndag i heile 2015

Elinor Bolme Torsdag 4. desember 2014

Dei tre kommunane Surnadal, Rindal og Halsa går i 2015 saman om prosjektet «52/17 Søndagsturen». Dette er ei nysatsning for å markere Friluluftslivets år i 2015, gjennom heile året. Kulturleiarar og helsekoordinatar i dei tre kommuane og Norsk Vandrefestival ønsker med dette å vidareføre den gryande interessa innbyggarane i dei tre kommunane har opparbeidd med tanke på å dra ut på tur. Siste års «Stikk ut!» viser dette med rette seier kulturleiar i Surnadal Lilly Husby. Målet er ikkje å komme seg på den strabasiøse toppturen, men legge tilrette for turglede og ha fokus på folkehelse for unge og vaksne i lag, på kryss av kommunegrensene.


Melodiminne på CD

Jon Olav Ørsal Torsdag 4. desember 2014

Denne veka har Todalskoret og Åsskard kyrkjekor starta salet av den nye CD’en «Melodiminne». CD’en er ny, men musikken er gammel og velbruka, men vel verdt både å ta vare på og å høre på. Det er Bernt Bøe, som er dirigent for begge kora, som er produsent og som har stått som produsent, og no får du kjøpt den mellom anna på Matkroken Todalen.