Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ut på tur, kvar søndag i heile 2015

Elinor Bolme Torsdag 4. desember 2014

Dei tre kommunane Surnadal, Rindal og Halsa går i 2015 saman om prosjektet «52/17 Søndagsturen». Dette er ei nysatsning for å markere Friluluftslivets år i 2015, gjennom heile året.  Kulturleiarar og helsekoordinatar i dei tre kommuane og Norsk Vandrefestival ønsker med dette å vidareføre den gryande interessa innbyggarane i dei tre kommunane har opparbeidd med tanke på å dra ut på tur. Siste års «Stikk ut!» viser dette med rette seier kulturleiar i Surnadal Lilly Husby. Målet er ikkje å komme seg på den strabasiøse toppturen, men legge tilrette for turglede og ha fokus på folkehelse for unge og vaksne i lag, på kryss av kommunegrensene.

Dei tre kommunane har no gått saman og delt alle søndagane, minus 17. mai, mellom seg. Dette betyr at dei slik ca tredjekvar søndag kl 12 skal arrangere ein eller annan form for tur i sin kommune. Dette klarar dei naturleg nok ikkje åleine, og har fått med seg gode støttespelarar i lokale lag og organisasjonar. Dette gjer at ingen tur blir lik, sidan så mange ulike aktørar frå turgrupper, historielag, idrettslag og velforeninger blir utfordra til å bli med å bidra. Først ut er Surnadal og Todalen Idrettslag, og søndag 4. januar kl 12 går turen til den nyoppførte lysløypa på Tjønnmyra.

Alle dei 52 turane er ikkje heilt spikra enda, men etterkvart vil dei bli å finne på den snart lanseringsklare nettsida www.5217.no. Her vil all turinfo bli å finne, med gode turbeskrivelsar. I tillegg vil det naturlegvis bli ein fotokonkurranse, der ein eigen hashtag #5217sondag blir sentral.

17. januar blir det det i tillegg på Surnadal kulturhus arrangert ein kickoff-dag, der lag, organisasjoner og lokale sportsbutikkar kjem for å visa seg fram og inspirere til turglede og leik. Her vil også alle turane mest sansynleg bli presentert.

Logoen var ikkje klar kl 9.30 i dag, men no ikveld er den å finna på Surnadal kommune si heimeside, så vi tek sjansen på å vise den fram. Litt liten, men fin lell!

52/17 Søndagsturen

 

Publisert: 4. desember 2014, 23:17