Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for november, 2014

Vi fann 72 artiklar i dette arkivet.


Lokale furukjemper vi veit om

Jon Olav Ørsal Onsdag 5. november 2014

I dag lansert Morten Gåsvand den nye boka si, «Furukjemper i Trollheimen». I heile Trollheimen er det nok mange store kjemper, som er fleire hundre år gamle og som har fått stå i fred slik at dei har hatt høve til å bli «kjemper»¨. Jon Bruset tek mange turar i skog og mark, og han har nok lokalisert mange av dei store kjempene som finns i Todalen.


Innspurten på halloweenfeiringa og handledagen…

Jon Olav Ørsal Onsdag 5. november 2014

Sist helg var her i Todalen prega av både halloween og handledag på Matkroken. Alexandra (frå Bjørli) og Nicole (frå Liatun) slo like godt to fluer i ein smekk og hadde ein artig opptreden på Matkroken da dei var på handlerunde på Matkroken laurdag. Der fekk dei sjølvsagt stor oppmerkomhet og var eit populært innslag […]


Årsmøtetid for Senterpartiet

Jon Olav Ørsal Onsdag 5. november 2014

Styret i Surnadal Senterparti skal i år arrangere årsmøtet i Bøfjorden Sjøbruksmuseum. Det skjer tysdag 18. november kl 19.30, og i tillegg til vanlege årsmøtesaker har dei sett den nye kommunereforma på dagsorden denne kvelden.


Onsdag: Bok om furukjempene i Trollheimen

Jon Olav Ørsal Tysdag 4. november 2014

Onsdag lanserer Morten Gåsvand den nye boka si «Furukjempene i Trollheimen». Han har leite seg gjennom Trollheimen, mellom anna i Todalen, for å finne dei største furukjempene – og har så skrevet bok om dei. Boka lanseres på Saga Trollheimen Hotel i Rindal, og det skjer i tidsrommet 12-18.


Reidar fikk oppleve naturmetoden…

Jon Olav Ørsal Tysdag 4. november 2014

Sist fredag hadde vi ei sak om kunstig befruktig av lakserogn, der Rossåa settefisk sikra seg gener for å vidareføre todalslaksens eigenskapar. Det skjedde i Stamlakshuset i Brusetmarka – og i kontrollerte former. Men genene blir også vidareført i Toåa på denne tida – og ved bruk av naturmetoden. Det fikk nemleg Reidar Østvik og sonen Ragnar oppleve for ei vekes tid sia, – og det skjedde i nedre del av Raubekkhølen (ca 100 meter ovafor Hengebrua).


Julerevyen på gang – 3. juledag er det premiere

Jon Olav Ørsal Tysdag 4. november 2014

Vi trefte skrivargjengen for årets julerevy på møterommet på Talgø måndag kveld. Det er ein rutinert og kreativ gjeng som har lang fartstid i bransjen, og mesta før dei var ferdig med fjorårets julerevy er dei no altså komne godt i gang med neste. Oppslaga i media frå «todalsnumra» på årets revykveld med «Hæstlatter» vitnar om at det er kvalitet i alle ledd, og god underhaldning som revymiljøet i Todalen kan by på.


Komfyrvakt på Eldremiddagen

Jon Olav Ørsal Måndag 3. november 2014

Onsdag er det nytt arrangement på eldremiddagen i Sanitetshuset som allereie annonsert. Eldremiddagen får da besøk av feier Jon Nordvik som vil sette orientering om komfyrvakt på dagsorden. Det er ei kjent sak at mat som blir glømt på komfyren er ei hyppig brannårsak, og Nordvik vil orientere om korleis du kan montere slikt utstyr og korleis den verkar


Skrekkens dag i Skulstuå

Elinor Bolme Måndag 3. november 2014

Søndag ettermiddag var Skulstå stappfull med skumle vesen som innerst inne bare var søte og snille. Da var lokalene pyntet til halloweenfest for de aller minste todalingene etter initiativ fra Justyna Krajewska. Og initiativet ble særdeles godt mottatt, hardt oppunder 50 personer var innom lokalene, som til tider ble litt for små for en såpass stor og aktiv gjeng.


Fotballavslutning med fart og spenning

Elinor Bolme Måndag 3. november 2014

De fleste fotballagene rundt om er nå ferdig med sine seriespill og er i avslutnningsmodus. I den anledning har vi fått oss i hende en årsrapport fra G14 Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen. De stilte et lag i 9’er-serien, og et lag i 7’er-serien i år, da dette ble oppfattet som det mest fornuftige med tanke på antall spillere. Laget […]


Helaften med trening

Elinor Bolme Sundag 2. november 2014

Mandager er det fullr ulle for alle i alle aldrar i gymsalen ved Todalen Skule. Det no sesong for inne-aktivitetar, og Knut Bergli opplyser at det no er fullt program på måndagar. Kl 18-19: Ball-leik ol for dei aller minste 19-20 : Ball-leik ol for dei litt større 20–> Gubbetrim Ved dei to første partia […]


Scoring på overtid av Ulrich

Elinor Bolme Sundag 2. november 2014

Halvt todaling Ulrich Østigård Ness (18) som til dagleg har proffkontrakt på Strømmen sitt 1. divisjonslag, scora i dag 4-2 målet for Strømmens A-lag borte mot Ranheim. Dette var Ulrichs 5 innhopp på A-laget denne sesongen og aller første mål, som no vart avslutta med ein 10. plass på tabellen. Mot Ranheim fekk han vist seg fram dei siste 10 ordinære minutta. Han har denne sesongen fått nesten 40 minutt total speletid, og har tilsammen vore teke ut i spillertroppen 21 av 30 seriekampar.


Nærbutikken i sentrum

Elinor Bolme Laurdag 1. november 2014

Matkroken i Todalen med Terje Nordvik i spissen var i dag ein av 222 butikkar over heile landet som var med i aksjonen «Handle lokalt». Desse 222 butikkane er ein del av Merkurprogrammet, eit prosjekt som oppfordrar til å støtte nærbutikkane, slik at bygdene fortsatt blir levande. Merkurprogrammet er eigd gjennom kommunal- og moderniseringsdeparementet. Dette […]