Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Julerevyen på gang – 3. juledag er det premiere

Jon Olav Ørsal Tysdag 4. november 2014

Vi trefte skrivargjengen for årets julerevy på møterommet på Talgø måndag kveld. Det er ein rutinert og kreativ gjeng som har lang fartstid i bransjen, og mesta før dei var ferdig med fjorårets julerevy er dei no altså komne godt i gang med neste. Oppslaga i media frå «todalsnumra» på årets revykveld med «Hæstlatter» vitnar om at det er kvalitet i alle ledd, og god underhaldning som revymiljøet i Todalen kan by på.

Arrangementsdatoen er sjølvsagt banka fast – det er 3. juledag 27. desember – og det er Todalen ungdomshus som er heimescena for revygjengen. Som sagt er dei godt i gang, og det er store ting på gang, skryter Håvard Halset som er pressetalsmann for julerevyen i år. Elles er skribentane Rune Moe, Laila kvendset og Anders Gjeldnes. Anders er vi kjent med frå scena, men i år vil han delta i skrivearbeidet. Anders har flytta til Todalen med familien, og gler seg til å bli med i revymiljøet igjen, sjølv om det i første omgang blir begrensa til førehandsjobbinga, for han er bortreist i jula.

Det er enno for tidleg å starte med øvingar, men fleire har alt meldt seg interessert i å bli med på scena. Etter kvart som gjengen i skrivarstova får litt kjøt på beina, vil det nok bli meir aktivitet i resten av gjengen. På spørsmål om det skal være nokon gjesteartist i år, svarar Håvard at det held vel på å bli nærst ein tradisjon. Så det arbeides altså med den saka og!   Mat skal det også bli på revykvelden, fortel han, – vi satsar på utradisjonell julemat med mexikansk tilsnitt denne gonagen. Og kva som ligg i det står det att å sjå!

klokkespill

«Klokkespill» frå fjorårets julerevy var ein del av revyprogrammet på Thon Vårsøg Hotell i helga. Foto: Driva

Todalingane gjorde lykke under reveyarrangementet «HÆSTlatter» på Thon Vårsøg Hotell i helga. Det presenterte eit par nummer frå fjorårets julerevy, som du kan lese meir om ved å klikke på linkane til Driva, Trollheimsporten og Tidens Krav.

Først publisert: 4. november 2014, 06:00 - Sist oppdatert: 3. november 2014, 23:26