Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nærbutikken i sentrum

Elinor Bolme Laurdag 1. november 2014

Matkroken i Todalen med Terje Nordvik i spissen var i dag ein av 222 butikkar over heile landet som var med i aksjonen «Handle lokalt». Desse 222 butikkane er ein del av Merkurprogrammet, eit prosjekt som oppfordrar til å støtte nærbutikkane, slik at bygdene fortsatt blir levande. Merkurprogrammet er eigd gjennom kommunal- og moderniseringsdeparementet. Dette innebærer at småbutikkane ute i grendene får tilskudd til investeringar av større karakter. I Todalen er innkjøp av nytt kjøleanlegg som har fått tilskudd, mens det i Bøfjorden var nytt bensinanlegg.

image

Terje hadde fått med seg Karen Johanne Talgø på laget i dag. Ho stod for steiking av bakels og koking av smørgraut. Alle kundar som var innom fekk gratis traktering, og mange var innom og tok seg tid til å ta av ein prat i kaffekroken.  Terje kan no etter stengetid fortelje at det var over 170 personar innom butikken og fikk traktering. Noko han sette stor pris på!image

Nils, Nils og Jon kosar seg med nystekte bakels og kaffe.

image

Ådne Gjeldnes hadde fått med seg mor på sykkeltur til butikken, og kunne bekrefte at han hadde topp skyss!

image

Desse to to spreke damene gjekk på handel i dag, og stilte litt motvillig på bildet. Men dei rigga seg til likevel, før dei tok runden inne på Matkroken. Anne Moe til venstre og Ingrid Ørsal Todalshaug til høgre. Dagens aksjon er med på å synliggjere viktigheita av ein nærbutikk i eit levande bygdesamfunn, og er med på å oppretthalde ein viktig møteplass for Todalen. Les meir om Merkur programmet på www.merkur-programmet.no

Publisert: 1. november 2014, 16:25