Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Scoring på overtid av Ulrich

Elinor Bolme Sundag 2. november 2014

Halvt todaling Ulrich Østigård Ness (18) som til dagleg har proffkontrakt på Strømmen sitt 1. divisjonslag, scora i dag 4-2 målet for Strømmens A-lag borte mot Ranheim. Dette var Ulrichs 5 innhopp på A-laget denne sesongen og aller første mål,  som no vart avslutta med ein 10. plass på tabellen. Mot Ranheim fekk han vist seg fram dei siste 10 ordinære minutta. Han har denne sesongen fått nesten 40 minutt total speletid, og har tilsammen vore teke ut i spillertroppen 21 av 30 seriekampar.

Far og oppmann for Strømmen, Leif Arne Ness fortel at dette er 5. året Strømmen er i 1. divisjon. Laget enda til slutt med 41 poeng, som er det det høgste oppnådde på desse 5 åra. Trenar er tidlegare landslagsspelar Gunnar Halle, som har fungert sidan 2013.  Mykje tid går med i «hobbyen» både for far og sønn, men det er jo dette som er livet da, seier Leif Arne på telefon frå Trondheim mens dei ventar på flyet ned til Oslo utpå kvelden.

Stas at ein lokal unggut med lokale aner gjer det godt på såpass høgt nivå. Mange på same alder har nok treft han på banen i Todalen under Todalsdagen, då han hadde faste innhopp på Søya/Todalen sitt mini og guttelag opp igjennom tida. Sist som G16 spelar i Norway Cup i 2011.

Bildet er frå Strømmen IL si heimeside, og er teke i forbindelse med kampen mot Ranheim heime i fjor.

 

Publisert: 2. november 2014, 17:49