Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for februar, 2014

Vi fann 57 artiklar i dette arkivet.


Søndag: Ny sjakk-kveld i Kaffekroken

Jon Olav Ørsal Torsdag 6. februar 2014

Sjakkentusiastane prøver til med ein ny sjakk-kveld. Det skjer i Kaffekroken på butikken, og Trygve Halle og Terje Nordvik som er initiativtakarane ønskjer alle velkome til å prøve seg på sjakkspelet finessar. Det skjer altså søndag 9. februar kl 19.30, og dei oppfordrar alle som har sjakkbrett og brikkar til å ta med dette til […]


Nytt frå Velværesentret – nå starter vårprogrammet

Jon Olav Ørsal Torsdag 6. februar 2014

Nå starter vårprogrammet ved Surnadal Trenings- og Velværesenter på Landbrukshuset på Skei. Det er ennå tid for å komme i bedre form, og ved sentret er det mange tilbud til deg som vil satse litt ektra på bedre form, eller om du heller vil satse på trivsel og velvære. Hos STV kan du legge listen der du vil […]


Solfest og feiring av samefolket dag…

Britt Mossing Torsdag 6. februar 2014

I dag var elevar og lærarar ved oppvekstsenteret samla i gymsalen til felles lunsj, og feiring av at sola er koma tilbake både på skulen og barnehagen. I tillegg er det samefolkets dag, og offentleg flaggdag. Vi spela nasjonalsongen til samane og fekk høyre litt om kulturen deira.


Tregt og ustabilt breiband – oppdatert

Jon Olav Ørsal Torsdag 6. februar 2014

Heilt sia Svorka Aksess oppgraderte det trådlause breibandet til Todalen har nettet vore ustabilt og til tilder heilt stansa opp. Torsdag kveld var det stans og brot fleire gonger, vi har fått fleire henvendinga med spørsmål om «vi har nett her» i redaksjonen.


Årets bilete 2013: Todalen

Ole Petter Talgø Onsdag 5. februar 2014

Då er stemmene talt opp, og vinnaren av årets bilete 2013 på Todalen.no vart Ingri Bruset med biletet «Todalen» som vann månadens bilete i mars. Vi gratulerer, og håpar å kunne overrekkje premien på årsmøtet.


Trim i full fart og med godt humør…

Jon Olav Ørsal Tysdag 4. februar 2014

Kvar tysdag kveld er det barneleik i gymsalen i oppvekstsentret. Frå kl 18-19 er det det for borna til og med 3. klasse, og etterpå er det for 4. – 8. klasse. Denne kvelden var det sirkeltrening, og jammen gikk det fort unna her gitt. Det var full rulle frå apparat til apparat, og den eine sprekare enn den andre.


Knusktørt og brannfarleg

Jon Olav Ørsal Sundag 2. februar 2014

Det er no ekstremt tørt over heile distriktet, og i ein liten prat med brannsjef Tor Arne Moen, understrekar han kor viktig det er å respektere forbodet mot å bruke open eld på grunn av brannfaren. Han seier at det er veldig lett å gløyme seg, og ei lita glo eller ein liten flamme på avvegar kan være katastrofal.


På isskare i Romådalen

Elinor Bolme Laurdag 1. februar 2014

Harald Egil Folden og Helge Sæther var siste dagen i januar på fottur i Romådalen. Folden har sent oss nokre bilder av den fine turen, og skriv i ein epost til redaksjonen: «Skiføret har vært skralt i det siste. Men det er jo andre måter å ta seg fram på enn å bruke ski. Etter å ha vært innom Kårvatn Fjellutstyr, bar det innover Romådalen med stegjern under skoene. Isskare og blankis var ikke lenger noe problem.


FM 98,5 – har skurra i heile januar

Jon Olav Ørsal Laurdag 1. februar 2014

FM-sendaren på Hjellnes (offisielt namn Todalen 2) har skurra litt i heile januar, utan at noko er gjort for å betre tilhøva. Jon Bruset fortel at han har varsla Nordkring 2 gonger via e-post, og har ikkje ein gong fått svar frå dei. Det kan vel tyde på at FM-sendarane ikkje lenger har høgste prioritet hos Nordkring, som driftar radio- og TV-sendarane over heile landet. Todalen har forlengst fått DAB-sendar på Hjellnes, og mange har nok ordna seg med DAB-radio, men det er framleis mange FM-radioar i bruk i bygda.