Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Solfest og feiring av samefolket dag…

Britt Mossing Torsdag 6. februar 2014

I dag var elevar og lærarar ved oppvekstsenteret samla i gymsalen til felles lunsj, og feiring av at sola er koma tilbake både på skulen og barnehagen. I tillegg er det samefolkets dag, og offentleg flaggdag. Vi spela nasjonalsongen til samane og fekk høyre litt om kulturen deira.

Vi var og så heldige at Todalen Bondelag spanderte lunsj til  alle. Dei koka kakao og serverte heimbaka brød frå Steinarstua og egg frå Pestua. I tillegg  var det mykje godt pålegg kjøpt på butikken i Todalen. Vi set stor pris på at bondelaget viser og fortel  om all den gode maten som blir produsert lokalt. Stor takk til Ståle, Ola og Frode.

Helsing alle på Todalen skule og barnehage                     Alle bilder: Britt Mossing

Publisert: 6. februar 2014, 20:07