Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Trim i full fart og med godt humør…

Jon Olav Ørsal Tysdag 4. februar 2014

Kvar tysdag kveld er det barneleik i gymsalen i oppvekstsentret. Frå kl 18-19 er det det for borna til og med 3. klasse, og etterpå er det for 4. – 8. klasse. Denne kvelden var det sirkeltrening, og jammen gikk det fort unna her gitt. Det var full rulle frå apparat til apparat, og den eine sprekare enn den andre.

Etterpå var det oppstilling for gruppebilete, og her var det ein lydhør gjeng som stilte seg opp og kom fram med smilet til fotografen som stod på scena. Nedafor finn du nokre bildeglimt frå sirkeltreninga, og eit bilde frå den eldre gruppa som kom og overtok gymsalen for å drive med kurvball. dei var fåment denne kvelden.   Alle foto: Jon Olav Ørsal

 

Først publisert: 4. februar 2014, 21:33 - Sist oppdatert: 5. februar 2014, 10:01