Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for februar, 2013

Vi fann 53 artiklar i dette arkivet.


Delvis stengt

Delvis stengt

Elinor Bolme Tysdag 19. februar 2013

Svinviktunnelen vil onsdag og torsdag i tidsrommet 08-18 bli delvis stengt medan renoveringsfirmaet Betongrenovering AS skal foreta boring i forbindelse med sikringsarbeidet ved tunnelåpninga. Personbilar kan, på eige ansvar, kjøyre gammelvegen ved behov.


INF -minner om årsmøte

INF -minner om årsmøte

Jon Olav Ørsal Tysdag 19. februar 2013

Indre Nordmøre forsvarsforening minner om årsmøtet på HammerStuene på Surnadaløra. Det skjer torsdag 21. februar kl 13.00.  Beredskapsleder i Møre og Romsdal, Kjell Matvik Folldal vil orientere om beredskapen. Velkommen!


Flomma over…

Flomma over…

Jon Olav Ørsal Måndag 18. februar 2013

Regnvêret som kom i natt og utover dagen i dag, har nok sett mange stikkrenner på prøve. Det har flomma over mange plassar, og til delt store dammar har danna seg mange plassar der vatnet ikkje fann sine naturlege vegar gjennom stikkrenner og vannpostar. Litt snø som kom utover dagen dempa flomvatnet litt, men temperaturen vidar utover kvelen og natta blir nok avgjærande.

Les heile saka

Månadens bilete: Sol på sjøisen

Månadens bilete: Sol på sjøisen

Ole Petter Talgø Måndag 18. februar 2013

Vinnar av årets første månadens bilete går til Mari B. Redalen for biletet «Sol på sjøisen», med ein tredjedel av stemmene som kom inn. Vi gratulerer og takkar alle bidragsytarar.

Les heile saka

Manglande sjukeheimsplassar

Manglande sjukeheimsplassar

Jon Olav Ørsal Måndag 18. februar 2013

I ein kronikk vi har fått frå Johs Vaag påpeikar han mangelen på sjukeheimsplassar i kommunen og gje uttrykk for frustrasjon i den samanheng. Heile kronikken ligg som vedlëgg i PDF-format og kan lastes ned.  Han konkluderer med at «det er viktig å halde fram arbeidet med å gi dei eldste eldre ein verdig alderdom. Nok fullverdige […]


Gamle teknikkar med hesjastreng

Gamle teknikkar med hesjastreng

Elinor Bolme Sundag 17. februar 2013

Laurdag var eit knippe damer samla på Nordmøre museum, Åsen for å delta på kurs i bruk av hesjastreng og blomstertråd slik som tatrane dreiv det før i tida. Kurshaldar var utflytta surnadaling Gunda Marie Næss, som no livnærer seg på resirkulering av det alle andre ikkje vil ha. Ho er nemleg å finna på bruktbutikken på Stjørdal gjenbrukstorg, Bruktbo AS. For dei som kanskje kjenner til Gunda Marie frå før, veit nemleg at hos henne har kreativiteten ingen grenser. Ho kan kunsten å trylle det mest fantastiske ut av ingen verdens ting. Derfor har ho i mange år vore oppfordra til å halde kurs i ulike ting, for å lære bort sine triks og ikkje minst inspirere andre.

Les heile saka

Handelsmann i særklasse

Handelsmann i særklasse

Elinor Bolme Laurdag 16. februar 2013

Driva.no har i ettermiddag ein fin reportasje frå ICA Matkroken, der handelsmann Terje Nordvik fortel om opprusting av splitter nytt kjøle- og fryseanlegg i løpet av våren. Han kostar i desse dagar på over 300 000 for å fortsatt oppretthalde posisjonen i todalssamfunnet.

Les heile saka

Barn i løypa godt i gang

Barn i løypa godt i gang

Elinor Bolme Fredag 15. februar 2013

Heile to gonger så langt i år har det vore arrangert Barn i løypa i lysløypeanlegget på Ørsal. I går kveld var det rundt 15 ungar i alderen 2 til 12 år som møtte for å ta nokre rundar i den oppkjøyrde løypa, og få seg litt varm saft attåt. Todalsungane er ikkje så godt vant det med desse arrangementa, da snøen stort sett ikkje ha vore stabil nok til meir enn eit tre-fire slike arrangement i sesongen. Dette blir det forhåpentlegvis litt endring på frå neste sesong, når det nye anlegget på Tjønnmyrene står klart.

Les heile saka

Stangvik historielag – årsmøte

Stangvik historielag – årsmøte

Jon Olav Ørsal Fredag 15. februar 2013

Stangvik historielag  kallar inn til årsmøte tysdag 19. februar kl. 1900. Det skjer på Jokerbutikken, Kvanne, og forutan vanlege årsmøtesaker vil dei forsette etter årsmøtet med temakveld. På programmet står da orientering om kulturminneregistrering og nye vegnamn frå todalskrysset til Stangvik, melder styret. Her kan du laste ned plakaten.


Måndag – Vilt og utmark på Kløverstukveld

Måndag – Vilt og utmark på Kløverstukveld

Jon Olav Ørsal Torsdag 14. februar 2013

Viltnemnda i Surnadal og Surnadal bondelag arrangerer Kløverstukveld måndag 18. februar, der Vilt og utmark er tema. Det skjer på kommunehuset, i kommunestyresalen, og startar kl 20.00.  Denne kvelden vil det bli ei evaluering av jakta i 2012, samt litt om forvaltningsplana for hjortevilt v/viltnemnda. I tillegg vil Rolf langvatn halde foredrag om Hjorteviltforvaltning, samarbeid og […]


Feittysdag i sanitetshuset

Feittysdag i sanitetshuset

Jon Olav Ørsal Torsdag 14. februar 2013

I Sanitetshuset markete dei feittirsdagdag på askeonsdag, med det vart vel like bra for det! Fra Martinus Torvik (tekst) og Reidar Østvik (foto) har vi i hvertfall fått tilsendt info om det som foregikk der, da 28 personer benka seg rundt borene til «kjøtt og påsse». Martinus skriv: «Eldremiddagen i Todalen markerte, og nøt, tradisjonen tro, feitetirsdagsmiddagen – «Kjøtt og Påsse» – en dag forsinket, nemlig sist onsdag. Det gjorde vi med god mat, 28 fornøyde gjester ved bordet og Jon (Jobus) Husby i sprudlende humør med trekkspill og visesang etter at vi kom over i sofakroken og før kaffen.

Les heile saka

Tren ein venn

Tren ein venn

Elinor Bolme Torsdag 14. februar 2013

I dag er dagen den store valentindagen, dagen for nestekjærlighet og omtanke for de i rundt seg. Surnadal trenings- og velværesenter oppfordrer derfor sine medlemmer til å ta med seg en venn til gratis trening og velvære på treningssenteret, kun i dag.

Les heile saka