Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Barn i løypa godt i gang

Barn i løypa godt i gang

Elinor Bolme Fredag 15. februar 2013

Heile to gonger så langt i år har det vore arrangert Barn i løypa i lysløypeanlegget på Ørsal. I går kveld var det rundt 15 ungar i alderen 2 til 12 år som møtte for å ta nokre rundar i den oppkjøyrde løypa, og få seg litt varm saft attåt. Todalsungane er ikkje så godt vant det med desse arrangementa, da snøen stort sett ikkje ha vore stabil nok til meir enn eit tre-fire slike arrangement i sesongen. Dette blir det forhåpentlegvis litt endring på frå neste sesong, når det nye anlegget på Tjønnmyrene står klart.

Ellers kan det nemnast at det er oppkjøyrde skuterspor rundt heile bygda i ulike sløyfer, for den som kan tenke seg ein fin skitur i solskinnet på dagtid.

Under er nokre bilder frå ei fin kveldsøkt i Ørsalbukta. Alle foto ElinorB

Publisert: 15. februar 2013, 20:06