Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for januar, 2013

Vi fann 64 artiklar i dette arkivet.


Frosne rør i Brusetmarka

Frosne rør i Brusetmarka

Jon Olav Ørsal Torsdag 31. januar 2013

Det har vore arbeidd for fullt med å få fram vatn til brukarane i Brusetmarka, innafor Bjøråa. Der var det enno i går frosne rør, og Per E. Gjeldnes kjempa seg gjennom telen med vibrator og skuffe for å finne røret. Det var ca 1 meter ned til grunnvatnet.

Les heile saka

Innspurt i avstemninga til årets bilete

Ole Petter Talgø Onsdag 30. januar 2013

Med over tre hundre stemmer har avstemninga på årets bilete blitt vår mest populære avstemning nokon sinne, og no er det berre eit døgn igjen til stemminga avsluttes og vinnaren er klar. Blant dei tre mest populære bileta er det berre ti stemmer som skiller, og bak dei er det også tett. Det betyr at […]


Surnadal kommune: Ny info om vasskrisa

Surnadal kommune: Ny info om vasskrisa

Jon Olav Ørsal Tysdag 29. januar 2013

Surnadal kommune kom i dag med ny og oppdatert informasjon om vasskrisa som rammar stadig fleire både her i kommunen og mange andre plassar i landet. Surnadal kommune jobbar på spreng for å betre situasjonen, men så lenge berrfrosten held grepet er situasjonen ein omfattande vassmangel. I eit informasjonsskriv som du kan laste ned her, orienterer kommunen om status og tiltak som er sett i verk. Høgst prioritet har eldre og familiar med små born, i tilegg til gardsbruk med dyr.

Les heile saka

Orientering frå Surnadal kommune

Orientering frå Surnadal kommune

Elinor Bolme Måndag 28. januar 2013

Surnadal kommune orienterer i eit presseskriv i dag om vasstilstandane i kommunen. Dei orienterer også om dette på nettsida si: Omfanget av vassmangelen er av historisk art i kommunen og vi forstår at situasjonen er ei ekstra påkjenning for alle, særleg for gardsbruk, eldre og familiar med små born. Behovet for informasjon om korleis situasjonen utviklar seg, kor ein kan få hjelp og kor ein kan skaffe seg og sine vatn, er naturleg nok stort og dette skrivet er utarbeidd for å sikra at denne informasjonen kjem ut til alle.

Les heile saka

Søya vart kvalitetklubb

Søya vart kvalitetklubb

Jon Olav Ørsal Måndag 28. januar 2013

8 nye klubber fikk sin status som kvalitetsklubb i helga etter at eit imponerende arbeid er gjort.  I.L. Søya og Surnadal I.L. var to av dei nye klubbane som fekk sin status for nivå 1.  Dette er ein mipæl for kretsen, seier ledar StigNergård etter utnevninga i helga. Nordmøre og Romsdal Fotballkrets er først i landet med […]


Kommunen informerer om vasstilstanden

Kommunen informerer om vasstilstanden

Elinor Bolme Sundag 27. januar 2013

Surnadal kommune kjem med denne meldinga til redaksjonen no i kveld: «Informasjon om vassforsyninga i kommunen: Abbonentar i Stangvik er framleis utan vatn. Det er uvisst når desse får vatnet attende. Vatn må hentast ved aldersheimen. Abbonentar i Todalen har vatn førebels. Mange enkeltbustader og gardsbruk rundt om i kommunen er vasslause. Om nokon treng […]

Les heile saka

På kanten!

På kanten!

Elinor Bolme Sundag 27. januar 2013

Mange har i helga vore på sjøisen i Todalen. Fint ver og tilsynelatande fint føre med tjukk is har gjort Todalsfjorden til ein sosial boltreplass både for todalingane og ellers utabygdes. Men ikkje alle er like forsiktige utpå der. Ved Rossåa settefiskanlegg er det eit stort ope hol i isen der settefiskanlegger har sitt utløp. På ettermiddagen i dag var fleire fiskarar observert faretruande nær iskanten.

Les heile saka

Bjøråa vassverk i stabil drift

Bjøråa vassverk i stabil drift

Jon Olav Ørsal Sundag 27. januar 2013

Problema med tilføring av vatn til Bjøråa vassverk ser ut til å vera løyst. Det er no betre tilsig, og vi reknar med at det no skal bli tilnærma vanleg drift, seier vakthavende på kommunalteknikk Odd Einmo til Todalen.no. Søndag føremiddag var det litt problem med luft i pumpeanlegget, men etter lufting av anlegget og kontrollert oppkøyring igjen, så skal det no være vatn i kranane til abonnentane.

Les heile saka

Magne fikk velfortjent hederspris

Magne fikk velfortjent hederspris

Jon Olav Ørsal Laurdag 26. januar 2013

Laurdag kveld fikk Magne Hansen publikums hederpris på idrettens festkveld i Surnadal kulturhus. Dei øvrige prisane gikk til Andrea Einmo Engdal (taekwondo) som årets utøvar og til Birgith Løseth som Årets ildsjel. Du kan lese meir om drettens festkveld på Driva.no.


Kosa seg på sjøisen

Kosa seg på sjøisen

Jon Olav Ørsal Laurdag 26. januar 2013

Laurdag var det stor utfart på sjøisen. Det var litt kald vind, så det var best å halde seg i aktivitet. Men midt på dagen kom sola på ein visitt og da vart det betydeleg betre. Men det var stor aktivitet på sjøisen i dag, med både fiske, ishockeykamp og grilling. Eit hundretal store og små todalingar sørga i allfall for å halde kvarandre med selskap på denne fine vinterdagen.

Les heile saka

Sikra ferskfisk til middag

Sikra ferskfisk til middag

Jon Olav Ørsal Laurdag 26. januar 2013

Kristian og Frikk er habile fiskarar både sommar og vinter. Dei har no venta lenge på sjøisen, og endeleg vart det sjøis av det skikkelege slaget, og da bar det utpå med snøre og pilk. Laurdag med skulefri vart nytta til heildag på sjøisen. isen ligg no helilt ut til Gjengstøa. Og fisk fikk dei, og  her er dei […]


Party-time!

Party-time!

Elinor Bolme Laurdag 26. januar 2013

I går kveld fekk ungane i 5.-7. klasse ved Todalen og Stangvik oppvekstsenter støvet fram frå alle krokar då dei møttest til det årlege nyttårsballet ved Todalen Skule. Dette har vorte eit fast innslag på nyåret, som opprinneleg starta med at stangvikelevane for to år sidan inviterte todalselevane til fest på deira skule. I fjor var todalingane vertskap, medan dei i år samarbeidde sidan dei har felles skule. Nesten 40 møtte fram til noko som er årets høgdepunkt for mange.

Les heile saka