Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Surnadal kommune: Ny info om vasskrisa

Surnadal kommune: Ny info om vasskrisa

Jon Olav Ørsal Tysdag 29. januar 2013

Surnadal kommune kom i dag med ny og oppdatert informasjon om vasskrisa som rammar stadig fleire både her i kommunen og mange andre plassar i landet. Surnadal kommune jobbar på spreng for å betre situasjonen, men så lenge berrfrosten held grepet er situasjonen ein omfattande vassmangel. I eit informasjonsskriv som du kan laste ned her, orienterer kommunen om status og tiltak som er sett i verk.  Høgst prioritet har eldre og familiar med små born, i tillegg til gardsbruk med dyr.

Dei oppfordrar alle abonnentane om å bruka så lite vatn som mogleg, og oppfordrar folk til å hjelpe kvarandre og eventuelt ta kontakt med kommunen på vakttelefon som er 416 35 388.  Du kan og finne oppdaterte opplysningar på kommunens nettside og på kommunens si offisielle facebook-side.

Publisert: 29. januar 2013, 19:06