Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Party-time!

Party-time!

Elinor Bolme Laurdag 26. januar 2013

I går kveld fekk ungane i 5.-7. klasse ved Todalen og Stangvik oppvekstsenter støvet fram frå alle krokar då dei møttest til det årlege nyttårsballet ved Todalen Skule. Dette har vorte eit fast innslag på nyåret, som opprinneleg starta med at stangvikelevane for to år sidan inviterte todalselevane til fest på deira skule. I fjor var todalingane vertskap, medan dei i år samarbeidde sidan dei har felles skule. Nesten 40 møtte fram til noko som er årets høgdepunkt for mange.

Foreldrekontaktane  i kvart klassetrinn var med å hjelpte til, i den grad dei fekk høve til å vise seg i festsalen. Men mat og drikke lyt ein ha etter mykje dans og leik, så dei var nok litt kjærkomne likevel. Serveringa bestod av pizza og brus, med smågodt itl dessert.

Ellers var det fleir konkurransar, blandt anna i  i limbo og «ordinær» dans. Limbokonkonkurransen var inndelt i dame og herreklasse med vinnarane i kvar klasse i ein spanande finale. Her vart Lone Kvande Brøske hakket for smidig for Vegard Gjul. Kveldens beste (individuelle) dansarar vart Eivind Bolme og Elisa Karoline Faksnes Melkild. Til slutt vart det kåring av ballets konge og dronning. Her var det Kristian Hauglann Talgø og Marte Nes som gjekk av med seieren.

Sjå nokre bilder frå ein vellykka festkveld. Alle foto: ElinorB

Publisert: 26. januar 2013, 13:00