Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Orientering frå Surnadal kommune

Orientering frå Surnadal kommune

Elinor Bolme Måndag 28. januar 2013

Surnadal kommune orienterer i eit presseskriv i dag om vasstilstandane i kommunen. Dei orienterer også om dette på nettsida si: Omfanget av vassmangelen er av historisk art i kommunen og vi forstår at situasjonen er ei ekstra påkjenning for alle, særleg for gardsbruk, eldre og familiar med små born. Behovet for informasjon om korleis situasjonen utviklar seg, kor ein kan få hjelp og kor ein kan skaffe seg og sine vatn, er naturleg nok stort og dette skrivet er utarbeidd for å sikra at denne informasjonen kjem ut til alle. Kommunen har hatt fleire krisemøte og har arbeidd kontinuerleg for å utbetre situasjonen sidan den oppstod for fullt 23.01.Dei ber derfor i ein epost om at informasjon vert gjort tilgjengeleg og er takksame for alle tilbakemeldingar frå publikum slik at dei kan handtera situasjonen på best mogleg måte og til beste for alle i ein krevjande situasjon. Vi kan ikkje sjå at Todalen er nemt her, noko som då sikkert betyr at vassproblema no er på rett kjøl her.

Les heile presseskrivet her: Informasjon frå Surnadal kommune til innbyggjarane om vasskrisa i kommunen Status og tiltak

Sjå også på kommunen si heimeside for enda meir informasjon: www.surnadal.kommune.no.

Publisert: 28. januar 2013, 15:26