Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Sikra ferskfisk til middag

Sikra ferskfisk til middag

Jon Olav Ørsal Laurdag 26. januar 2013

Kristian og Frikk er habile fiskarar både sommar og vinter. Dei har no venta lenge på sjøisen, og endeleg vart det sjøis av det skikkelege slaget, og da bar det utpå med snøre og pilk. Laurdag med skulefri vart nytta til heildag på sjøisen. isen ligg no helilt ut til Gjengstøa. Og fisk fikk dei, og  her er dei avbilda med kvar sin torsk, som nok kjem på middagsbordet på Kvennli. Isen er no skikkeleg tjukk og sikker, og det er mange som har nytta finversdagen til å ta ein tur på sjøisen. Det gjeld berre å være litt firsiktig ved elveosane og der som det elles er råker.

Publisert: 26. januar 2013, 16:11