Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for desember, 2011

Vi fann 67 artiklar i dette arkivet.


3.juledag: Mykje som skjer

3.juledag: Mykje som skjer

Jon Olav Ørsal Tysdag 27. desember 2011

I dag er det stor aktivitet i Todalen. Det startar med Romjulsmarsjen som har starttid mellom 12-15. Her er det servering av gløgg og kakao, med lotteri og sjølvsagt fine deltakarmedaljer. Ta på godt med klær og ta runden rundt bygda! Mellom kl 14-16 er det opa utstilling i Skulstuå (Gammelskulen) og kl 15 er […]


«Dagmars» herjingar

«Dagmars» herjingar

Jon Olav Ørsal Tysdag 27. desember 2011

Stormen «Dagmar» gjorde ein del skade i Todalen. Verst var det på Ansnessaga, der taket på materialtørka hamna på vegen mellom tørka og fabrikken. Lause plankar og deler slo også hol på taket på fabrikken, og forvridde takplater var strødd omkring. Vidare var det nok fleire tak som vart skadd i den sterke vinden, som nok […]

Les heile saka

Todalen har fått att straumen

Todalen har fått att straumen

Jon Olav Ørsal Måndag 26. desember 2011

I 22.30 var straument tilbake til abonnentane i Todalen. Da hadde det vore straumlaust i over et døgn. Det har vore mange trefall over kraftlina frå kvanne og innover til Todalen og montørende frå Svorka Energi har hatt ein kjempejobb med å få lina i orden igjen. Vind, mørker og tildels mykje nedbør har gjort arbeidet både vanskeleg og farleg, men ved 22.30-tida var altså alt klart til å sette på strumen igjen.

Les heile saka

Straumbrot i Todalen

Jon Olav Ørsal Måndag 26. desember 2011

Todalen har sia 1. juledag kl 22 vore utan straum på grunn av stormen «Dagmar», og har derfor problemer med å oppdatering av nettstaden. Elles kan nemnast at det har blåst av eit tak på Ansnessaga, og ein del tre er gått overende. Det er kl 13.30 fortsatt straumbrot, og redusert kapasitet på mobilnettet. Svorka […]


Tre over strømlina

Tre over strømlina

Jon Olav Ørsal Sundag 25. desember 2011

Tidleg på ettermiddagen i dag var det eit kort straumbrot. Eit tre over kraftlinja i Sissigrenda var skuld i dette, og Svorka måtte ta straumen nokre minutt medan dei felte treet. Som du ser av biletet vi har fått med Kjetil Sogge, så gikk det litt «varmt for seg», men det var røyk utan eld. Det er meldt […]


Perikom Light på Pakkhuset 6. juledag

Perikom Light på Pakkhuset 6. juledag

Jon Olav Ørsal Sundag 25. desember 2011

6. juledag blir det stor pubkveld på Pakkhuset. Da kjem Perikom Light for å dra opp stemninga. Erling Halle ved Pakkhuset Pub reknar med at det blir fullt hus denne kvelden, så det blir «først til mølla» for å kome inn.  Denne kvelden er det CC kr 100 for inngang, og dørene opnar kl 20.00. […]

Les heile saka

Intimkonsert med Eirik 2. juledag

Intimkonsert med Eirik 2. juledag

Jon Olav Ørsal Laurdag 24. desember 2011

Eirik Husby kjem 2. juledag til Todalen Brygge for å spela konsert. Dette blir ein intimkonsert, da Lars Olav surfer på dei blå bølger i Costa Rica denne jula. Eirik lovar at ingen skal få bakoversveis av lydnivået, men at dette heller blir ein kveld for lyttaren meir enn rockaren, kanskje med eit rødvinsglas i handa. «Men brus går også fint», seier Eirik.

Les heile saka

Julegudstenesta innleia jula

Julegudstenesta innleia jula

Ole Petter Talgø Laurdag 24. desember 2011

No byrjar julefreden å senke seg, og dette blei innleia med julegudsteneste i ei fullsatt Todalen Kyrkje. Prest Bernt Venås, saman med Todalskoret, gav oss ein fin start på julefeiringa. Det var ofring til Kirkens Nødhjelp og Afrikas horn. Vi håpar alle får ei fredfull og fin julefeiring!


Todal’n KaNo startar billettsalget

Todal’n KaNo startar billettsalget

Jon Olav Ørsal Laurdag 24. desember 2011

Måndag startar førehandsalget av billettar til julekabareten 3. juledag(27.12) på ICA Todalen. Det er Todalen Idrettslag som er arrangør, og dei skal kjøre 2 forestillingar. Den første går på ettermiddagen kl 15, og den siste på kvelden kl 20.00. På den første forestillinga vil det bli enkel servering i tilknyting til framsyninga. Den siste framsyninga kl 20 blir som eit slags serveringsteater, der det blir høve til å kjøpe seg smårettar og drikke til ved borda.

Les heile saka

God jul til alle!

God jul til alle!

Todalen.no Laurdag 24. desember 2011

Med dette ønskjer Todalen.no alle, inna- og utabygdes, ei god jul. Vi i Todalen.no-redaksjonen skal prøva å få med oss ein del av det som skjer i bygda i løpet av romjula, men håpar dykk også sender inn bilete til oss som vi kan bruke som dagens bilete eller til artiklar.

Les heile saka

Julegudsteneste kl 13.30

Julegudsteneste kl 13.30

Jon Olav Ørsal Laurdag 24. desember 2011

Julaften er det julegudsteneste i Todalen kyrkje kl 13.30. Det er sokneprest Bernt Venås som held gudstenesta.  Julaften er den store kyrkjedagen, og soknerådet reknar med at det blir nærast fullsett kyrkje. Soknerådet yrskjer alle hjarteleg velkomne til julegudsteneste!


Juletrefest i Nordvik forsamlingshus

Juletrefest i Nordvik forsamlingshus

Tekst og foto: Sverre Kjølstad Laurdag 24. desember 2011

Tradisjonen tro blir det juletrefest i Nordvik forsamlingshus 2. juledag kl. 1400. Da vil komiteen sørge for god servering, og som vanlig blir det gang rundt juletreet,samt lett underholdning for store og små. For de under konfirmasjonsalderen er vel besøk av julenissen dagens høydepunkt, med utdeling av gaver til alle barna, og kanskje blir det også noen pakker til de eldste. De 40 årene undertegnede har bodd på Nordvik har juletrefesten blitt arrangert hvert år, men den har selvsagt sin opprinnelse lenge før den tid.

Les heile saka