Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Todalen har fått att straumen

Todalen har fått att straumen

Jon Olav Ørsal Måndag 26. desember 2011

I 22.30 var straument tilbake til abonnentane i Todalen. Da hadde det vore straumlaust i over et døgn. Det har vore mange trefall over kraftlina frå kvanne og innover til Todalen og montørende frå Svorka Energi har hatt ein kjempejobb med å få lina i orden igjen. Vind, mørker og tildels mykje nedbør har gjort arbeidet både vanskeleg og farleg, men ved 22.30-tida var altså alt klart til å sette på strumen igjen. Like ved seterbekken var ein travers øydelagt og måtte skiftast ut. Dette tok ekstra mykje tid og var både vanskeleg og farleg arbeid i mørket.

Gjengen frå Svorka starta jobben 1. juledag kl 09.00, da de sette igang med fførebuing etter at det var kome ekstremmelding for vêret i området. Sidan har det gått slag i slag, og da Todalen.no var i kontakt med dem var det gått over et døgn, med kun ein liten pause på 2-3 timar. Men ingen sure miner for det.  

No er strømmen komen att, og da bør frysarar og anna elektrisk materiell sjekkast. Det er lurt å sjekke sikringsskapet også, slik at det ikkje er kursar som er slegne ut på grunn av straumstansen.

Det er meldt ny storm og mye regn søndag kveld, men meldingane tyder på at den neppe vil gjøre ny skade. Men tildels store nedbørsmengder kan no føre til at det blir tendens til flaum og mykje overvatn på vegane.

Først publisert: 26. desember 2011, 15:47 - Sist oppdatert: 27. desember 2011, 01:02