Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Todal’n KaNo startar billettsalget

Todal’n KaNo startar billettsalget

Jon Olav Ørsal Laurdag 24. desember 2011

Måndag startar førehandsalget av billettar til julekabareten 3. juledag (27.12) på ICA Todalen. Det er Todalen Idrettslag som er arrangør, og dei skal kjøre 2 forestillingar. Den første går på ettermiddagen kl 15, og den siste på kvelden kl 20.00. På den første forestillinga vil det bli enkel servering i tilknyting til framsyninga. Den siste framsyninga kl 20 blir som eit slags serveringsteater, der det blir høve til å kjøpe seg smårettar og drikke til ved borda. Underhaldningskomiteen med Svein Åge Saksen i spissen har jobba på spreng for å få til eit godt og variert program, og no er prøvane i gang så dei er i rute.

Billettsalget vil som sagt gå føre seg på ICA Todalen. Det startar måndag morgon. Dersom du ikkje har høve til å stikke innom butikken og kjøpe billettar, kan du ta kontakt med ICA Todalen på telefon 71 66 38 00 for å bestille billettar, som må hentes før 23. desember. Plakaten til julekabareten «Todal’n Ka NO» kan du laste ned nom PDF-dokument her.

Først publisert: 24. desember 2011, 12:15 - Sist oppdatert: 26. desember 2011, 19:18