Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for oktober, 2011

Vi fann 61 artiklar i dette arkivet.


Skyll, brett og stapp!

Skyll, brett og stapp!

Britt Mossing Tysdag 11. oktober 2011

Ja, det er oppfordinga til elevane ved Todalen skule. Skuleelevane har nemleg vore med i Jakten på Kartongmeterskatten i 2011. Kvar dag skyl, brettar og stappar dei drikkekartongar før dei leverer dei til gjenvinning. Her ein dag fekk dei ein pakke i posten. Dei hadde vore så heldige å vunne eit isbjørnfadderskap i WWF. Som isbjørnfadder er dei med på å bremse klimaendringane og sikra isbjørnen si framtid.

Les heile saka

Årets hjortfest blir 19. november!

Årets hjortfest blir 19. november!

Jon Olav Ørsal Tysdag 11. oktober 2011

Dato for Hjorfesta 2011 er no klar. Sett av laurdag 19. november til deltaking på årets hjortfest i Todalen Ungdomshus. Det er Todalen idrettslag som er arrangør, men vertskap er Halle & Husby jaktlag.  Vertskapsrolla går nemleg på omgang mellom jaktlaga i bygda, og no er det H&H sin tur, fortel Lars Stensby som er formann […]

Les heile saka

Månadens bilete: Små hender

Månadens bilete: Små hender

Ole Petter Talgø Måndag 10. oktober 2011

Vinnar av månadens bilete for september blei Ingvild Kårvatn med biletet «Små hender på ei gammel seterdør». Vi gratulerer, og lovar at premien blir overlevert snart.

Les heile saka

G16 slo Sunndal igjen!

G16 slo Sunndal igjen!

Jon Olav Ørsal Måndag 10. oktober 2011

Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen G16 møtte Sunndal til kamp søndag ettermiddag. STKU G16 vant 2-0 i bortekampen i vår, og det var et formsterkt og revansjesugent lag som møtte til kamp på Leikvoll stadion. Men STKU G16 greide å gjenskape prestasjonen fra sist, og vant helt fortjent 1-0 ! Du kan lese mer om kampen på IL Søyas hjemmesider.

Les heile saka

Opp frå djupet

Opp frå djupet

Jon Olav Ørsal Sundag 9. oktober 2011

Ein av båtane ved Todalen Brygge gikk til bunns under regnveret i helga. Søndag ettermiddag var det redningsaksjon for å få opp igjen båten, og Erling Søyseth med kranbilen sørga for at båten kom opp og på flott igjen.  Motoren som har vore under i sjøvatn vart nok litt medteken av dukkerten, men den var […]


Inviterer til barneidrett

Inviterer til barneidrett

Jon Olav Ørsal Sundag 9. oktober 2011

I.L. Søya ønskjer velkomen til barneidrett på Stangvik skule. Det er sesongstart på Stangvik skule onsdag 12. oktober. Sjå timeplana nedafor, og les meir på nettsida til IL Søya.

Les heile saka

3.-dagsfest igjen – Blir du med?

3.-dagsfest igjen – Blir du med?

Nils Ove Bruset Laurdag 8. oktober 2011

Hei! Snart er det jul igjen og vi skal ha 3 dagsfeest i år å. Vi i 3 dagskomiteen ønsker innspill til program o.l., det kan være om du eller noen kan tenke seg til å være med å skrive, synge, spele et instrument eller som skuespiller. Vi tar i mot alle forslag både på deg selv eller noen du kjenner som du mener kan bidra. Det er mange som har lyst til å bidra som kansje er for beskjedne til å melde seg selv. Da kan det hende vedkomende treng en puff for å bli med.

Les heile saka

Philipstavla har fått ny plass

Philipstavla har fått ny plass

Jon Olav Ørsal Laurdag 8. oktober 2011

Tavla med informasjon om Ethelbert Lorth Phillips og «Phillipsbrua» i Ramsøydalan har fått ny plass og nytt stativ. Infotavla er no flytta fra Ramsøydalan til Hafallmelen, og står no på parkeringsplassen som fiskarane brukar der. Der er ho både lettare tilgjengeleg og betre synleg for dei som ferdast etter vegen. Det er Gunnar Nordvik som […]


Kva skjer i bygda?

Kva skjer i bygda?

Jon Olav Ørsal Laurdag 8. oktober 2011

I oktober er det få aktivitetar som er komne inn på aktivitetskalenderen som ligg på Todalen.no. Aktivitetskalenderen er eit godt supplement til oppslagstavla på ICA, og dei andre oppslagstavlene rundt bygda. Her kan vi legge inn alle typar aktivtetar og få med kvar det skjer og når det skjer. Ikkje minst er dette nyttig for å «okkupere» datoar for ditt arrangement, slik at andre lag og organisasjonar kjem med aktivitetar som kolliderer.

Les heile saka

Til Hamnessetra på tur

Til Hamnessetra på tur

Vidar Sogge Fredag 7. oktober 2011

Stavganggruppa i Surnadal pensjonistlag køyrde torsdag 6. oktober til Hamnes og gjekk derifrå innover langs Hamnesfjorden. Som vanleg på turane snudde alle etter å ha gått om lag 45 minutt før vi returnerte til Hamnes. Her fekk alle koma inn og eta nista si i det oppvarma, flotte fjøset som Torstein Hamnes hadde gjort om til eit koseleg selskapslokale med god plass til alle 35 turgåarane. Stor takk til dei på Hamnes for at vi fekk koma inn i ”fjøset”.

Les heile saka

Stor vassføring

Stor vassføring

Jon Olav Ørsal Fredag 7. oktober 2011

Det er no stor vassføring i Toåa og sideelvane etter regnvêret i dag. Det er meldt mykje regn vidare utover kvelden, men avtakande nedbørsmengde utover natta. Fram til i morgon tidleg spår yr.no tilsaman rundt 25 mm nedbør. Bildet av fyrhushølen vart teke ca kl 18.00, og i bakgrunnen skimtar du såvidt at Storfossen viser musklar.

Les heile saka

Velværesentret fyller 5 år!

Velværesentret fyller 5 år!

Jon Olav Ørsal Torsdag 6. oktober 2011

I morgon fyller Surnadal Velværesenter 5 år, og det feirar dei med open dag for alle som har lyst til å kome i form, sjølv om du ikkje er medlem. Da blir det høve til å prøve utstyret dei har, og til å ta del i gruppetimar. I tillegg blir det servert kaffe og kaker. Du kan lese meir om dette på heimesida til Surnadal Velværesenter.

Les heile saka