Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Til Hamnessetra på tur

Til Hamnessetra på tur

Vidar Sogge Fredag 7. oktober 2011

Stavganggruppa i Surnadal pensjonistlag køyrde torsdag 6. oktober til Hamnes og gjekk derifrå innover langs Hamnesfjorden. Som vanleg på turane snudde alle etter å ha gått om lag 45 minutt før vi returnerte til Hamnes. Her fekk alle koma inn og eta nista si i det oppvarma, flotte fjøset som Torstein Hamnes hadde gjort om til eit koseleg selskapslokale med god plass til alle 35 turgåarane. Stor takk til dei på Hamnes for at vi fekk koma inn i ”fjøset”.

Komande torsdag møtest stavganggruppa ved Åsskard kyrkje, og går derifrå i retning Bølandet på sørsida av Åsskardfjorden. Harry Skrøvset møter oss ved kyrkja.

Her kan du sjå mange fine bilde frå turen.     Foto: Vidar Sogge

Publisert: 7. oktober 2011, 20:00