Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Stor vassføring

Stor vassføring

Jon Olav Ørsal Fredag 7. oktober 2011

Det er no stor vassføring i Toåa og sideelvane etter regnvêret i dag. Det er meldt mykje regn vidare utover kvelden, men avtakande nedbørsmengde utover natta. Fram til i morgon tidleg spår yr.no tilsaman rundt 25 mm nedbør. Bildet av fyrhushølen vart teke ca kl 18.00, og i bakgrunnen skimtar du såvidt at Storfossen viser musklar.

Ovafor fossen står det ein målestasjon i regi av NVE, der dei måler vassføringa i Storfossen kvar 15 minutt. Her kan du gå inn og sjå vassføringa siste veke. Du kan også sjå dei siste to månadene i ein annan graf.  Her kan du sjå vêrmeldinga for Todalen på yr.no,  time for time det neste døgnet.

Publisert: 7. oktober 2011, 18:59