Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Velværesentret fyller 5 år!

Velværesentret fyller 5 år!

Jon Olav Ørsal Torsdag 6. oktober 2011

I morgon fyller Surnadal Velværesenter 5 år, og det feirar dei med open dag for alle som har lyst til å kome i form, sjølv om du ikkje er medlem.  Da blir det høve til å prøve utstyret dei har, og til å ta del i gruppetimar. I tillegg blir det servert kaffe og kaker. Du kan lese meir om dette på heimesida til Surnadal Velværesenter.

Surnadal velværesenter helt til i Landbrukshuset, midt på Skei, og fredag kan du berre stikke innom og sjå kva dei har å by på.  Sidan starten har det vore ei fin utvikling på medlemsmassen, og det kjem stadig nye medlemar til.

Først publisert: 6. oktober 2011, 22:31 - Sist oppdatert: 7. oktober 2011, 06:41