Ein av båtane ved Todalen Brygge gikk til bunns under regnveret i helga. Søndag ettermiddag var det redningsaksjon for å få opp igjen båten, og Erling Søyseth med kranbilen sørga for at båten kom opp og på flott igjen. Motoren som har vore under i sjøvatn vart nok litt medteken av dukkerten, men den var spyla rein med ferskvatn og lyt nok ha ein omgang med vedlikehald før han startar igjen.
![Opp frå djupet](http://todalen.no/wp-content/uploads/2011/10/Redningsaksjon_0746_L.jpg)