Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for september, 2011

Vi fann 63 artiklar i dette arkivet.


Til Honnstadvatnet og Soggnebba

Til Honnstadvatnet og Soggnebba

Vidar Sogge Sundag 25. september 2011

Stavganggruppa i Surnadal pensjonistlag hadde torsdag 22. september ein kjempeflott tur til Honnstadvatnet og Soggnebba. Etter at vi hadde parkert bilane ved eit grustak på Honnstad, la 33 spreke stavgangarar kursen mot Honnstadvatnet. Medan ein del slo seg ned ved gapahuken nede ved vatnet, fortsette andre vidare til høgdene ovafor Honnstadvatnet. Ei tredje gruppe på 11 personar la kursen mot Soggnebba.

Les heile saka

Vegsikring i Kufalla

Vegsikring i Kufalla

Jon Olav Ørsal Laurdag 24. september 2011

Denne veka har det pågått sikring Kufalla på vegen til Kårvatn. Laurdag var det brørne Per og Ola Gjeldnes som var i gang med skytearbeid for å få breiare veg og for å sikre at vatnet ikkje grev ut og lagar ras nedpå vegen i regnvêr. Det er Surnadal kommune som er oppdragsgivar, men prosjektet […]

Les heile saka

Kjøp sanitetslodd!

Kjøp sanitetslodd!

Jon Olav Ørsal Laurdag 24. september 2011

Laurdag var Saniteten i full aksjon med førehandssalg av lodd til Sanitetsbasaren i sanitetshuset 2. oktober. I kaffekroken på ICA Todalen var Åshild Halle på plass med loddbøker og pengekasse, og kunne rapportere om godt salg til folk som var på laurdagshandel og andre som berre stakk innom kaffekroken. Som sagt blir det trekkjing i Sanitetshuset […]


Nordmørsutstillinga 2011

Nordmørsutstillinga 2011

Elinor Bolme Fredag 23. september 2011

Surnadal Kunstforening har i år inngått samarbeid med Kristiansund kunstforening om kunstutstillinga «Nordmørsutstillinga». Utstillinga er ei viareføring av fjorårets «Lauvfall» med 35 utstillarar. Utstillinga åpnar i morgon kl 13 i Finstuå, på Surnadal Kulturhus. Utstillinga blir ståande der i 14 dagar før den blir flytta til Kristiansund kunstforening sine lokaler i Kristiansund etterpå.

Les heile saka

Den internasjonale eldredagen

Elinor Bolme Torsdag 22. september 2011

Frå leiar i Surnadal demensforening og helselag; Liv Botten har vi fått ei påminning om den internasjonale eldredagen som arrangeres også i vårt omland. Demensforeninga ønsker difor i lag med Folkeakademiet i Surnadal, Eldrerådet og Pensjonistlaget alle interesserte velkomne til Vårsøg Hotell laurdag 1. oktober kl 14.00 for å markere denne dagen.


Balldag uti Bøfjorda

Balldag uti Bøfjorda

Bernt Bøe Onsdag 21. september 2011

Sildballmiddag er tradisjon når Bøfjorden Sjøbruksmuseum søndag avsluttar sommarsesongen. Dessert denne gong er filmglimt frå Eistein Bæverfjord sin rike produksjon. Trekning av årets utlodning avrundar dagen.

Til ballgrytene har Kåre Bøklepp skaffa silda og Skrøvsetfolket potetene. Gunnvor, Ragnhild og Edna sørgjer for velsmakande og altså kortreist bøfjordmiddag. Gåvebordet til basar-trekninga bugnar av flotte gevinstar.

Les heile saka

Godbitar på loppis i Stangvik

Anita Land Onsdag 21. september 2011

Er du ute etter ein godbit er Bondehuset i Stangvik staden i helga. Laurdag 24.september kl 11 – 15. arrangerer Stangvik Grendalag basar med mange gamle og nyare lopper. Arrangørane har fått inn mykje fine ting, og nemner pynteting, servise, møblar, lamper, bøker, leiker, el.orgel, teppe, speglar, vesker, utstoppa kanadagås med meir. Elles blir det […]


Demensaksjon pågår…

Demensaksjon pågår…

Jon Olav Ørsal Tysdag 20. september 2011

Tysdag kveld pågikk innsamling til demensaksjon i Todalen. Surnadal demensforening og helselag har engasjert russen til å ga på dørene til folk i kommunen for å samle inn pengar til aksjonen. Her i Todalen er dei 5 som er ute, fortel Svein Stensby som kom på døra til underteikna. Russen har delteke i aksjonen i […]


Natursti og kveldsmat

Natursti og kveldsmat

Elinor Bolme Tysdag 20. september 2011

I kveldinga gjekk den planlagte Løfta-turen av stabelen. Sanitetsforeninga hadde laga i stand natursti langs heile ruta, med spørsmål om laust og fast. Attmed nokre av postane var det også oppskore frukt og grønsaker. Denne turen er ein del av den nasjonale satsingsområdet til Norske Kvinners Sanitetsforening har kvar haust; Sanitetens veke. I år som i fjor er temaet trim og kosthald. Så då passa det no godt å bevege seg og ete litt sunt på turen.

Les heile saka

Haustsalg på Kårvatn

Haustsalg på Kårvatn

Elinor Bolme Tysdag 20. september 2011

Kårvatn Fjellutstyr melder om store mengder vinter- og sommarvarer som skal ut for å gjera plass til kommande vinters nyheiter. Her er det rå for kupp både for ski, soveposar, sko og allskens bekledning. Salget starta allereie på fredag, men vil halda fram i allefall ut denne veka og. I dag har dei ope til 19, for […]

Les heile saka

Student-workshop med MøreRoyal

Student-workshop med MøreRoyal

Jon Olav Ørsal Tysdag 20. september 2011

Måndag hadde Talgø besøk av ein gjeng arkitekt- og designstudentar frå NTNU. Formålet med besøket var å gjera seg kjent med MøreRoyal-produkt frå MøreTre, og dei var innom både MøreTre i Surnadal og Ansnessaga i Todalen for å lære om produksjonen og gjera seg kjent med produkta.

Les heile saka

Fortsatt korttrøbbel

Fortsatt korttrøbbel

Jon Olav Ørsal Måndag 19. september 2011

Kortautomaten på HalsOil er framleis ute av drift melder Terje Nordvik på ICA Todalen. Kortautomaten som vart installert i 2006 må skiftast ut med ein ny som taklar kort med microchips, og det blir ei investering på over 100.000. Automaten virkar framleis på enkelte kort uten slike chips, men du kan sjølvsagt fylle uten kort […]