Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for september, 2011

Vi fann 63 artiklar i dette arkivet.


Soknerådsvalet klart

Soknerådsvalet klart

Jon Olav Ørsal Tysdag 13. september 2011

I seine nattetimar vart resultatet av soknerådsvalet i Todalen klart. Det skulle velgast 2 nye representantar for 4 år, og det vart Ildri Sjøland Øyen og Knut Halset som vart faste medlemar i soknerådet. I tillegg har dei med seg Terje Nordvik og Signe Grønmyr som har 2 år att.

Les heile saka

Reint fleirtal for Mons?

Reint fleirtal for Mons?

Ole Petter Talgø Tysdag 13. september 2011

Arbeiderpartiet har gjort eit godt valg, og det føreløpig resultat tyda på reint fleirtal den neste perioden. Med ei oppslutning på 48,3 % betyr det at dei kunne kapre 14 av 27 kommunestyremandat. Fintellinga av stemmene avslørte at AP ikkje får reint fleirtal, då SV no er inne med eit mandat i kommunestyret.

Les heile saka

E-post til todalen.no

Ole Petter Talgø Tysdag 13. september 2011

Under flyttinga av server, tyder mykje på at overføringa av e-postadressa vår; red@todalen.no, ikkje er blitt ordna. På grunn av dette, ber vi dere bruka todalenno@gmail.com for å komme i kontakt med oss inntil vi får forsikra oss om at alt er i orden. Kontaktskjemaet har ikkje vore i orden den siste veka, men skal […]


Det nye PT-utvalget

Det nye PT-utvalget

Elinor Bolme Måndag 12. september 2011

Då har avtroppande PT-utvalg talt opp sine 140 innkomne stemmer, og kan dermed presentera det nye styret for dei 4 kommande åra:

Les heile saka

Valgpuls

Valgpuls

Elinor Bolme Måndag 12. september 2011

Valg var det på alle kantar på og rundt Todalen skule i dag. I alle dei tre valglokala rundt om meldte dei om særledes godt oppmøte. Og i det fine haustveret som var hadde like så godt det avtroppande PT-utvalget sett seg ute på plena med sine stemmesedlar. Så her var det nok ikkje mange som ikkje stemte fordi dei ikkje var synlege i allefall.

Les heile saka

Stavgang til Nordviksetra.

Stavgang til Nordviksetra.

Vidar Sogge Måndag 12. september 2011

Torsdag 8. september la 40 personar frå Stavganggruppa turen til Nordviksetra, og Elen og Johan Nordvik stilte velvillig opp som guidar og opna seterhusa for oss. Vi parkerte bilane på parkeringsplassen til Nordviksetra, og dei fleste gjekk innom setra for å setta frå seg ryggsekkene før den vidare turen opp mot Seterhaugen. Sola vermde denne fine dagen, og mange valde ein la-a-ng pause før den brattaste stigninga under Seterhaugen – og snudde der.

Les heile saka

Sett av onsdag kveld

Sett av onsdag kveld

Elinor Bolme Måndag 12. september 2011

Onsdag kveld er siste gongen både med sykkeltrim og lagseriestemne. Det blir i den anledning høve til å ta idrettsmerke og sykle rundt bygda i eit og same ærend. Leiar i ski- og friidrettsgruppa, Jorid Haugen Ansnes håper difor så mange som mogleg kjem til sosialt samkvem på Bordholmen frå 18 og utover. I følge […]

Les heile saka

Jubileumsskriftet presentert

Jubileumsskriftet presentert

Ole Petter Talgø Måndag 12. september 2011

Jubileumsskriftet for Todalen Kyrkje, som i år fyller 150 år, blei presentert i kveld. Skriftet er eit samarbeidsprosjekt mellom Todalen historielag og Todalen sokneråd, og skrevet av Bernt Bøe.

Les heile saka

Fleire valg

Fleire valg

Elinor Bolme Sundag 11. september 2011

I morgon er det som kjendt kommune- og fylkestingvalg. Dette foregår på Todalen skule mellom 12 og 21. Her har vel dei fleste husstandar fått tilsendt både lister og anna informasjon som krevst.

Attåt er det kyrkjevalg; og her er det både sokneråd i Todalen og bispedømmeråd i Møre og romsdal som skal veljast

Les heile saka

Nytt design!

Nytt design!

Elinor Bolme Laurdag 10. september 2011

Todalen.no har hatt stor suksess med koppane som vi fekk laga omlag på denne tida i fjor. Men for å ikkje bli dei som går att i same gamle tralten, har vi fornya oss littegrann. Vi har difor vald å kjøyre på svarte koppar framover. Same storleik og fasong som før, men berre enda finare ifølge dei som til no har sett dei «live».

Les heile saka

Fortsatt smårusk med serveren

Ole Petter Talgø Laurdag 10. september 2011

Vi har fortsatt å ha nokre problem i forbinding med flytting av server for nettsida. Det er årsaken til at dagens bilete og nokre saker har vore forsinka. Vi håpar at dykk ikkje har merka for mykje til dette, men meld gjerne frå til oss hvis dykk ser noko unormalt.


Ap veteran klar for valg

Ap veteran klar for valg

Elinor Bolme Fredag 9. september 2011

I går kveld var Surnadal Arbeiderparti på rundreise rundt om i kommunen og delte ut roser til husstandane. Her i Todalen var det blant anna Jorunn Ness og Lilly Gunn Nyheim som for rundt. Då dei kom på Brusethaugen sette dei av litt ekstra tid, til ære for ein av partiets ekte veteranar. Anders Brusethaug har heile 66 års medlemskap i Arbeiderpartiet og er dermed den med lengst medlemskap av alle i Surnadal. Anders har no vorte 86 år, og stemmer fortsatt ved alle valg.

Les heile saka