Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Stavgang til Nordviksetra.

Stavgang til Nordviksetra.

Vidar Sogge Måndag 12. september 2011

Torsdag 8. september la 40 personar frå Stavganggruppa turen til Nordviksetra, og Elen og Johan Nordvik stilte velvillig opp som guidar og opna seterhusa for oss. Vi parkerte bilane på parkeringsplassen til Nordviksetra, og dei fleste gjekk innom setra for å setta frå seg ryggsekkene før den vidare turen opp mot Seterhaugen. Sola vermde denne fine dagen, og mange valde ein la-a-ng pause før den brattaste stigninga under Seterhaugen – og snudde der.

Men nokre hardhausar trossa varmen og gjekk heilt opp. Matpausen tok vi nede på Nordviksetra. Elen og Johan hadde bore ut benkar og stolar inne frå setra, og saman med medbrakte stolar og sitteunderlag vart det sitteplass til alle på den fine setervollen. Under pausen fortalde Johan at fire gardar hadde eigne seterskjel og fjøs her, og at det hadde vore setring til først på 1950-talet.

Neste torsdag legg Stavganggruppa turen til Fellesbeita i Surnadal og parkerer bilane på parkeringsplassen øvst i Rognpilvegen.

Nedafor kan du sjå bilda frå turen til Nordviksetra.  Foto: Vidar Sogge

Publisert: 12. september 2011, 21:00