Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for mai, 2011

Vi fann 70 artiklar i dette arkivet.


Lagseriestevne

Lagseriestevne

Elinor Bolme Tysdag 31. mai 2011

Ski- og friidrettsgruppa minner om at det er lagseriestevne i morgon på Bordholmen for alle i absolutt alle aldrar. Og med basaren friskt i minnet, så hugsar vi at vi vart oppfordra/utfordra av Åshild Halle til å ta idrettsmerket, alle som ein! Oppstart kl 18.00 på Bordholmen

Les heile saka

Uhell førte husdyrgjødsel på avvegar

Jon Olav Ørsal Tysdag 31. mai 2011

Det var sannsynleg vis ein defekt brytar til ei gjødselpumpe som førte til at ein del husdyrgjødsel vart pumpa utover eit jorde i Pestua i går kveld, seier Asbjørn Karlsen til NRK Møre og Romsdal si nettside. Heldig vis vart dett oppdaga i tide, slik at ein fikk begrensa omfanget og hindra forurensing til vassdraget.  Men […]


Ny kulturkalender – mykje å gle seg til!

Ny kulturkalender – mykje å gle seg til!

Jon Olav Ørsal Tysdag 31. mai 2011

Ny kulturkalender for Surnadal kulturhus er komne i postkassane. Denne gonger er det kalenderen for juni, og den startar med sommarkonsert med kulturskulen onsdag 1. juni. Komande helg er det songarstemne og travel tid for Tordenskjold songlag. Dei har arrangement både laurdag og søndag. Neste helg er det Vårsøghelga med program frå torsdag 9. til […]


Just presis!

Just presis!

Jon Olav Ørsal Tysdag 31. mai 2011

Tysdag var justervesenet på besøk hos HalsOil. Det var Inge Wold fra Trondheim justerkammer som sjekka at drivstoffanlegget til HalsOil måler ut rett mengde drivstoff  når du tankar bensin eller diesel der. Dette har inntil no vore kontrollert ein gong kvart år, men frå i år blir det kontroll annakvart år. Pumpene er justert og […]


40 år med idrettsmerke

40 år med idrettsmerke

Elinor Bolme Måndag 30. mai 2011

Åshild Halle vart i går hedra med diplom og merke for å ha gjennomført sitt førtiande idrettsmerke. Det skjedde under den årlege trim basaren, der også ski og friidrettsgruppa delte ut sine utmerkelsar for eit aktivt år. Som om det ikkje var nok, så fekk ho også Gullstatuetten for skimerket, medan ektemann Trygve fekk Skikruset.Ellers oppfordra Åshild fleire til å vera med å ta idrettsmerket, for den einaste som tok det attåt ho i fjor var Emil Haugen Ansnes. Han tok bronsemerket.

Les heile saka

Laksefisket startar 15. juni

Laksefisket startar 15. juni

Jon Olav Ørsal Måndag 30. mai 2011

Laksefisket i Toåa blir i år frå 15. juni til 15. august. Det er også klart at dei same datoane vert gjeldande for fisket etter sjøaure. Det er direktoratet for naturforvalning som strammar inn tidsrommet for fisket i Toåa, seier leder i Todalen elveeigarlag Asbjørn Karlsen. I fjor starta fisket 1. juni. Sluttdatoen 15. august […]


Kulturvandring på Todalsøra

Kulturvandring på Todalsøra

Jon Olav Ørsal Sundag 29. mai 2011

Eit sekstitals deltakarar møtte fram da Todalen Historielag arrangerte kulturvandring på Todalsøra søndag. Vandringa starta ved Inneråa, ved den gamle brannstasjonen, med Anders Halset som guide og kjentmann. Anders er godt kjent på Todalsøra og er interessert i lokalhistoria så har hadde nok historielaget treft på rette mannen til å være guide på turen. Han la for dagen ein enorm kunnskap om Todalsøra og livet der, og det vart ein interessant tur for alle.

Les heile saka

Nedover langs Nauståa

Nedover langs Nauståa

Jon Olav Ørsal Sundag 29. mai 2011

Jon Bruset har laurdag gjort turen til Dalasetra (Naustådalssetra) og på nedturen langs Nauståa har han bruka kamera flittig. Vi har fått e-post med bilder, og han skriv: «Prøvde å gå langs Nauståa mellom Dalasetra og Nauståfossen i dag. Dette er nok eit ukjent landskap for mange, men her er det fleire og større fossar enn ein kan forvente.

Les heile saka

Turtips: Gammelvegen i Svinvikkleiva

Turtips: Gammelvegen i Svinvikkleiva

Jon Olav Ørsal Laurdag 28. mai 2011

Eit fin familieturmål er gammelvegen gjennom Svinvikkleiva, der tre generasjonar med veg er intakte. Den eldste vegen går gjennom Svinvikkleiva og langkleiva, og kjem sidan inn på Gjeldnesvegen til Snøya. Det var den første kjørevegen ut av bygda (1898). Neste generasjon av vegen går ved sjøen, mellom Svinvika og Gjengstøa. Den var ferdig i 1938, men er seirare utbetra fleire gong. Og tredje generasjon er Svinvikstunnelen som var opna i august 2011, altså for 10 år sia.

Les heile saka

Berre øving…

Berre øving…

Elinor Bolme Laurdag 28. mai 2011

Surnadal Brannvesen hadde i dag brannøving på Bøvra i Surnadal. Der hadde dei «fått» seg eit gamalt hus av Olav Øye til å kjøyre ein øvelse på. Dette innebar at vårt lokale brannmannskap her i Todalen også deltok i lag med brannmannskapet frå Kvanne og Halsa Brannvesen, pluss ambulansepersonell. I tillegg vart Omsorgsberedskapsgruppa i Todalen Sanitetsforening inviterte til å oververa øvinga, samt å organisere bevertninga for dei innvolverte brannmennene.

Les heile saka

Historievandring på Todalsøra søndag 29. mai.

Historievandring på Todalsøra søndag 29. mai.

Jon Olav Ørsal Laurdag 28. mai 2011

Todalen historielag gjentar suksessen med historievandring på Todalsøra. I fjor samla laget mykje folk på vandringa etter Geilvegen ovafor Todaløra og til Hyllnesbukta. Denne gongen startar dei også innmed Inneråa, men går utover til Todalsøra etter allmannvegen og rundar av på dampskipskaia ved Pakkhuset. I år som i fjor er det Anders Halset som er guide, og han avslørte i fjor ein enorm kunnskap om «gamle» Todalsøra, fortel Maren Ansnes som er ledar i historielaget.

Les heile saka

Eldremiddag på tysdag – så blir det ferie

Eldremiddag på tysdag – så blir det ferie

Jon Olav Ørsal Fredag 27. mai 2011

Vi har fått e-postmelding frå Martinus Torvik i Eldremiddagen. Han skriv: Eldremiddagen i veka som kjem vert flytta til tysdag, altså til den 31. mai. Vi et først svinesteik i Sanitetshuset for deretter å forflytta oss til Elvestad der kaffen skal nytast. Denne samankomsten blir den siste før sommarferien, så vel møtt til eit triveleg lag.

Les heile saka