Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Berre øving…

Berre øving…

Elinor Bolme Laurdag 28. mai 2011

Surnadal Brannvesen hadde i dag brannøving på Bøvra i Surnadal. Der hadde dei «fått» seg eit gamalt hus av Olav Øye til å kjøyre ein øvelse på. Dette innebar at vårt lokale brannmannskap her i Todalen også deltok i lag med brannmannskapet frå Kvanne og Halsa Brannvesen, pluss ambulansepersonell. I tillegg vart Omsorgsberedskapsgruppa i Todalen Sanitetsforening inviterte til å oververa øvinga, samt å organisere bevertninga for dei innvolverte brannmennene.

Først fekk røykdykkarane både frå Surnadal og Halsa trene, før huset til slutt fekk brenna ned under kontrollerte former.

Under er ein del bilder frå øvinga. Alle foto Elinor Bolme

Publisert: 28. mai 2011, 16:57