Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Turtips: Gammelvegen i Svinvikkleiva

Turtips: Gammelvegen i Svinvikkleiva

Jon Olav Ørsal Laurdag 28. mai 2011

Eit fin familieturmål er gammelvegen gjennom Svinvikkleiva, der tre generasjonar med veg er intakte. Den eldste vegen går gjennom Svinvikkleiva og langkleiva, og kjem sidan inn på Gjeldnesvegen til Snøya. Det var den første kjørevegen ut av bygda (1898).  Neste generasjon av vegen går ved sjøen, mellom Svinvika og Gjengstøa. Den var ferdig i 1938, men er seirare utbetra fleire gong. Og tredje generasjon er Svinvikstunnelen som var opna i august 2011, altså for 10 år sia.

Vi starta frå Snøya og gikk utover Gjeldnesvegen og vidare utover Gammelvegen og ned Svinvikkleiva. Gammelvegen er intakt på heile strekninga, og det er fint å gå der og kan gjerne bruke joggesko eller vanlege spasersko. På turen er det fleire fine utsiktpunkt og det er kvilebenkar på eit par plassar.

Før vi gikk vidare, tok vi turen innom Svinviks Arboret for å ta ein kaffepause. På dagens meny var det rabarbrakake eller svele med is og rabarbrasyltety. Velsmakende og fint dandert med ein liten blomsterkvast, og servert av blide jenter i kafeterian.

Vidare gikk turen etter 1938-vegen ved sjøen. Her trefte vi på ein skokk med lamaer som beita ovafor vegen. Dei var litt sky, så dei stakk oppover skogen da vi kam, og kamaramannen vart mesta for sein i avtrekket. På dei 10 åra som er gått sidan vegen her kom ut av bruk har kratt og buskas krøpet innpå, og gjort vegen enda smalare enn den ein gong var.

Vi starta og slutta turen ved Snøya, men du kan like godt starte ein annan plass på rundturen. Startar du frå svinvika er det godt med parkeringsplass like ved startpunket. Rundturen er på ca 4,7 km og høgste punktet er 130 m.o.h.

Nedafor finn du eit lite galleri med bilde frå turen.   Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 28. mai 2011, 23:05