Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for oktober, 2010

Vi fann 58 artiklar i dette arkivet.


Familiegudsteneste søndag

Familiegudsteneste søndag

Jon Olav Ørsal Torsdag 21. oktober 2010

Todalen sokneråd minner om familiegudstenesta søndag 24. oktober kl 11. Det blir da både utdeling av 4- og 6-årsbøker, konfirmantpresentasjon, dåp. Etter gudstenesta blir det kyrkjekaffe, med saft og bollar til dei minste. Her finn du plakaten som PDF-dokument. Soknerådet ønsker alle velkomne!


FAU har konstituert seg.

FAU har konstituert seg.

Elinor Bolme Onsdag 20. oktober 2010

Måndag kveld var dei valgde foreldrekontaktane ved Todalen Oppvekstsenter samla for å sette det nye styret. Nyvalgt leiar vart Turid Sæther, nestleiar Laila Kvendset og skrivar Ola Einar Øyen. Dei resterande medlammane er Ann Kristin Kallset, Anne Hjørdis Telstad, Line Kvendset Anton Brusethaug og Ragna Kvendset

Les heile saka

Bakekveld oppi skulen

Bakekveld oppi skulen

Marte Talgø Tysdag 19. oktober 2010

I kveld var det baking på gang oppi Todalsskulen. Årets matgruppe laga diverse kaker og godt som no blir fryse ned, som skal serverast til haustfesten. Her finn du også ei oversikt over kva som skal skje vidare i 4H før haustfesten.

Les heile saka

Tid for hjulskifte…

Tid for hjulskifte…

Jon Olav Ørsal Tysdag 19. oktober 2010

Vinteren kryp innpå oss, og dersom yr.no treffer på med værmeldinga det næraste døgeret er det nok kvitt på marka i morgon. Det er og meldt meir snø utover onsdagen og ein kald vêrtype heile veka til endes. Det er på høg tid å skifte over til vinterdekk og klargjere bilen til vinters.

Les heile saka

Tur til Nordviksetra

Marte Talgø Tysdag 19. oktober 2010

Laurdag den 23.oktober arrangerer Start 4H tur til Nordviksetra. Det er oppmøte på forsamlingshuset på Nordvik kl.11.00, så går vi opp saman. Turen er open for alle, så det er berre å ta med slekt og venner!


Storbasar, no og med resultatlister.

Storbasar, no og med resultatlister.

Elinor Bolme Måndag 18. oktober 2010

I går ettermiddag arrangerte Todalen Sanitetsforening basar i Sanitetshuset. Det må seiast at det var eit veldig godt oppmøte. Så godt at lokala mesta til tider var for små. Men som nestleiar Maren Ansnes sa til slutt; dei innkomne pengane vil ikkje bli innvestert i utbygging for det. Dei kjem i staden att til bygda i ulike samanhengar, og naturleg nok vedlikehald og drift av Sanitetshuset

Les heile saka

Kultmakarkveld med «nogo attåt»

Kultmakarkveld med «nogo attåt»

Jon Olav Ørsal Sundag 17. oktober 2010

Todalen Idrettslag samla eit lite femtital publikummere da dei arrangerte Kultmakarkveld i Todalen ungdomshus laurdag kveld. Dei innleia kvelden med salg og servering av Thaimat, og kokkelaget må jammen få skryt for nytt og friskt innslag på matfronten. Til undehaldninga hadde dei fått forstekningar frå nabokommunane Halsa og Rindal, og spesielt Arne Landsem framføring av «Visarbekren» fall i smak.

Les heile saka

Furua kjem att?

Furua kjem att?

Jon Olav Ørsal Fredag 15. oktober 2010

I neste uke får Talgø besøk NTNU i Trondheim. Det er ca 15 fjerdeårsstudenter fra Institutt for produktdesign som sammen med veiledere skal besøke Talgøbedriftene T-Komponent, MøreTre og Talgø Møbelfabrikk. De skal samarbeide med Talgø om et prosjekt for å skape kreative og funksjonelle løsninger basert på hobbyplater i furu fra T-Komponent. Furu er på nytt aktuell for møbelproduksjon igjen, og Talgøkonsernet går spennende tider i møte.

Les heile saka

Kultmakarkveld med Thaimat

Kultmakarkveld med Thaimat

Jon Olav Ørsal Fredag 15. oktober 2010

Laurdag kveld er det Kultmakarkveld i Ungdomshuset. Da Todalen.no var innom Ungedomshuset fredag kveld var kjøkkengjengen i full gang med førebuinga. Dei skal nemleg servere Thaimat denne kvelden. Det var stor entusiasme å spore i produksjonen av vårruller, og matduftene eg kjente ga dei beste signal for å anbefale kveldens siamtallerken. Og dette blir nok ekte saker, for med på kokkelaget var Malii Brusethaug, som nok har spisskompetanse på Thaimat.

Les heile saka

Fokus på integrering.

Fokus på integrering.

Elinor Bolme Fredag 15. oktober 2010

Ikkje så alt for mange av dei innflytta innvandrarane i Todalen tok turen til Sanitetshuset då Folkeakademiet i Surnadal inviterte dei til «Frå innvandrar til medborgar» tirsdag kveld. Men dei som kom vart godt mottekne av delegasjonen frå Skei. Leiaren i folkeakademiet, Else Brandvoll Andresen informerte om kva laget sysslar med, og hvilke framtidsplaner dei har.

Les heile saka

Månadens bilete for september

Månadens bilete for september

Ole Petter Talgø Torsdag 14. oktober 2010

Då er avstemninga for månadens bilete for september ferdig, vinnaren denne månaden blei Regn – sol – måne av Kristian Gjeldnes. Vi gratulerer, og premiekruset vil leverast snart. Vi håpar alle fortsetter med å senda inn bilete, sjølv om dagslyset no begynner å forsvinna tidlegare på kvelden.


Populært leikeapparat.

Populært leikeapparat.

Elinor Bolme Torsdag 14. oktober 2010

Da er anleggsverksomheita på skule- og barnehageområdet snart komme i mål. Og i den anledning er det nye leikeapparatet vorte teke i bruk. -Dette er eit veldig populært punkt på skuleplassen, kan Britt Mossing fortelja, når todalen.no som snarast passerte. Så langt er ballbingen vorte utdanka.

Les heile saka