Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Storbasar, no og med resultatlister.

Storbasar, no og med resultatlister.

Elinor Bolme Måndag 18. oktober 2010

I går ettermiddag arrangerte Todalen Sanitetsforening basar i Sanitetshuset. Det må seiast at det var eit veldig godt oppmøte. Så godt at lokala mesta til tider var for små. Men som nestleiar Maren Ansnes sa til slutt; dei innkomne pengane vil ikkje bli innvestert i utbygging for det. Dei kjem i staden att til bygda i ulike samanhengar, og naturleg nok vedlikehald og drift av Sanitetshuset.

Gavebordet inneheld over 70 premiar, då ikkje med barnebordet inkludert. Oversikt over vunne gevinstar vil bli å finne på Hals når den er reinskrive. Undervegs var det og åresalg, med livet som innsats både for store og små. Her er det like spanande uansett.

Ellers var det gratis kaffe, rundstykkjer og skuffkaker til alle som kom.

Trekningsliste Barnebord 17.10.10.

Trekningsliste Basar Todalen sf.17.10.10

Foto: Elinor Bolme og Kristine Saksen Ulvund.

Først publisert: 18. oktober 2010, 09:13 - Sist oppdatert: 19. oktober 2010, 13:59